Blues from Laurel Canyon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blues from Laurel Canyon
Studioalbum av John Mayall
Språk engelsk
Utgjeve November 1968
Innspelt 26–28. august 1968
Studio Decca Studios, London
Sjanger Elektrisk blues
Lengd 47:59
Selskap UK Decca
USA London
Produsent Mike Vernon, John Mayall
John Mayall-kronologi 
Bare Wires
(1968)
Blues from Laurel Canyon The Turning Point
(1969)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars [1]

Blues from Laurel Canyon er eit studioalbum frå 1968 av John Mayall med britisk bluesmusikk. Det var det første albumet hans etter at bandet hans Bluesbreakers vart oppløyst i mai 1968.[2] Det var òg det siste albumet hans for Decca før han flytta til Polydor.

John Mayall syng og spelar munnspel, orgel og gitar på albumet. Andre musikarar er ein ung Mick Taylor (gitar), Colin Allen (trommer) og Stephen Thompson (bass). Gitaristen Peter Green er med på sporet «First Time Alone». Lydteknikar var Derek Varnals. All songane på albumet var skrivne av Mayall.

Tittelen på albumet kjem frå Laurel Canyon i California USA (i Los Angeles-området) der John Mayall budde frå 1969 til 1979. Plata dokumenterer eit besøk han hadde der før han flytta til USA på meir permanent basis. Området vart føretrekt av mange musikarar på den tida. Albumet vart spelt inn i Decca Studios i West Hampstead i London i England mellom 26. og 28. august 1968, og kom ut på Decca.

Albumet var nyskapande for si tid, særleg innafor blues. Det første sporet opnar med eit jetfly som landar og glir over i ein drivande rytme. Det var ingen synlege skilje mellom songane på vinylalbumet. Songane glir over i det neste sporet, andre stoppar på ein akkord før neste spor umiddelbart byrjar. Det vert nytta tablatrommer. Den siste songen er ein lang song som flyttar seg inn i ein lang gitarsolo med Mayall på Hammondorgel og glir over i ein uakkompagnert gitar som spelar dei same tonane om att og om att, medan songen tonar ut.

Tekstane er sjølvbiografisk og syner til dels til personar Mayall møtte på reisa si, som Frank Zappa og Moon Unit Zappa (på «2401»), bandet Canned Heat (på «The Bear») og den kjende groupien Catherine James (på «Miss James»).

Ei nymastra og utvida utgåve av albumet kom ut i Storbritannia i august 2007.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane skrivne av John Mayall.

Original tracks[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Vacation»2:47
2.«Walking on Sunset»2:50
3.«Laurel Canyon Home»4:33
4.«2401»3:42
5.«Ready to Ride»3:32
6.«Medicine Man»2:43
7.«Somebody's Acting Like a Child»3:27
Side to
Nr.TittelLengd
8.«The Bear»4:40
9.«Miss James»2:30
10.«First Time Alone»4:49
11.«Long Gone Midnight»3:27
12.«Fly Tomorrow»8:59
Bonusspor på CD-utgåva frå 2007
Nr.TittelLengd
13.«2401» (singelversjonen)3:56
14.«Wish You Were Mine» (Live '68, tidlegare på Primal Solos)8:36

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Davies, Ben. Blues from Laurel CanyonAllmusic
  2. Christopher Hjort, Strange Brew : Eric Clapton & the British Blues Boom, 1965-1970, Jawbone Press, 2007, 352 pp. ISBN 978-1-906002-00-8