Blues in the Night

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Blues in the Night»
Musikk av Harold Arlen
Tekst av Johnny Mercer
Publisert 1941
Språk English

«Blues in the Night» er ein populær blues song som har blitt ein popstandard og som vert rekna å høyre til Great American Songbook. Musikken vart komponert av Harold Arlen og teksten skriven av Johnny Mercer for ein film frå 1951 som hadde arbeidstittelen Hot Nocturne, men som kom ut som Blues in the Night. Songen vert sungen i filmen av William Gillespie.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Arlen og Mercer skreiv all musikk for filmen Blues in the Night. Ein song dei vart beden om å skrive, var ein bluessong som skulle syngast frå ei fengselcelle.[2] Som vanleg med Mercer, skreiv komponisten musikken før, og så skreiv Mercer teksten etterpå. Arlen sa,

Heile saken kom berre rennande ut. Og eg kjende det i mangen, utan å tenke kva Johnny kom til å skrive av tekst, at dette var sterkt, sterkt, sterkt! Då Mercer skreiv «Blues in the Night», gjekk eg gjennom teksten hans og eg byrja å nynne songen over pulten hans. Det høyrdest fantastisk ut når eg kom til det andre verset, men at dei første tolv var svak te. På den tredje eller fjerde sida av kladdearka hans såg eg nokre linjer - ei av dei var «My momma done tol' me, when I was in knee pants.» Eg sa «Kvifor prøver du ikkje det?» Det var ein av særs få gonger eg foreslo noko slikt for John

Då dei var ferdig å skrive songen, ringde Mercer ein ven, songar Margaret Whiting, og spurte om dei kunne kome og spele songen for ho. Ho foreslo at dei kunne gjere det fordi ho hadde Mickey Rooney, Judy Garland, Mel Tormé og Martha Raye til middag. I staden kom Arlen og Mercer heim til ho same kvelden. Margaret Whiting sa:

Dei kom inn bakdøra, sette seg ved pianoet og byrja å spele «Blues in the Night». Eg vil alltid hugse reaksjonen. Mel reiste seg og sa «Eg kan ikkje tru det.» Martha klarte ikkje å sei eit ord. Mickey Rooney sa «Det er det beste eg nokon gong har høyrt.» Judy Garland sa «Spel han ein gong til.» Dei spelte songen sju gonger. Judy og eg sprang til pianoet for å sjå kven som klarte å lære songen først. Det var ein herleg kveld.[3]

I 1941 var «Blues in the Night» ein av ni songar som var nominert til Oscarprisen for beste song.[4]

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Versjonar på singellistene[endre | endre wikiteksten]

Versjonar som har gått inn på singellistene i USA vart gjort av Woody Herman,[1][5] Dinah Shore,[1][2][5] Jimmie Lunceford,[1][5] Cab Calloway,[1] Artie Shaw og Rosemary Clooney. Versjonar som gjekk inn på singellista i Storbritannia vart sungen av Shirley Bassey og Helen Shapiro.

Woody Herman-innspelinga vart spelt inn av Decca Records med katalognummer 4030.[1][6] Denne gjekk inn på Billboard-lista den 2. januar 1942 og gjekk til toppen av lista.[5][7]

Dinah Shore-versjonen recording[2] gjekk inn på lista den 13. februar 1942 og låg inne i sju veker, med ein fjerdeplass som høgaste plassering.[5][7]

Jimmie Lunceford-versjonen vart gjeven ut på Decca Records og gjekk inn på Billboard-lista den 30. januar 1942, og låg der i fem veker, med ein fjerdeplass som høgaste plassering.[5][7]

Cab Calloway-versjonen vart gjeven ut på OKeh Records og gjekk inn på Billboard-lista den 6. mars 1942, og nådde åttandeplassen..[7]

Artie Shaw-versjonen kom ut på RCA Victor Records og gjekk inn på Billboard-lista den 21. november 1941 og nådde tiandeplassen..[7]

Rosemary Clooney kom ut på Columbia Records og gjekk inn på Billboard-lista den 26. september 1952 og nådde 29. plassen.[7]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Gardner, Edward Foote (2000). Popular Songs of the 20th Century: Chart Detail & Encyclopedia, 1900-1949. St. Paul, Minnesota: Paragon House. ISBN 1-55778-789-1. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Gilliland, John (1994). Pop Chronicles the 40s: The Lively Story of Pop Music in the 40s (audiobook). ISBN 978-1-55935-147-8. OCLC 31611854.  Tape 2, side B.
  3. Lahr, John (19. september 2005). «Come Rain Or Come Shine: The Bittersweet Life of Harold Arlen», «The New Yorker". s. 92–93. 
  4. «Awards for Blues in the Night (1941)». imdb. Henta 17. oktober 2015. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 Whitburn, Joel (1999). Joel Whitburn Presents a Century of Pop Music. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research. ISBN 0-89820-135-7. 
  6. Decca Records in the 4000 to 4461 series
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 Whitburn, Joel (1973). Top Pop Records 1940-1955. Record Research. 
  8. Decca Records in the 23500 to 23999 series
  9. RCA Victor Records in the 20-4000 to 20-4499 series

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]