Bluff på New Zealand

Koordinatar: 46°36′S 168°20′E / 46.600°S 168.333°E / -46.600; 168.333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bluff
Motupōhue (maori)
Tidlegare namn Campbelltown
Bluff sett frå ferja til Stewart Island/Rakiura
Bluff sett frå ferja til Stewart Island/Rakiura
Bluff sett frå ferja til Stewart Island/Rakiura
Kallenamn
«The Bluff»
Styresmakter
Land
Region
Distrikt
New Zealand New Zealand
Southland
Invercargill
Grunnlagd 1856
Geografi
Innbyggjarar[1]
 - By (2018)

1797
Koordinatar 46°36′S 168°20′E / 46.600°S 168.333°E / -46.600; 168.333
Høgd over havet 5 m
Tidssone
- Ved sommartid
UTC + 12 (UTC)
UTC + 13 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 9814
Nettstad: www.bluff.co.nz
Plassering
Bluff på New Zealand is located in New Zealand
Bluff

Bluff (māori Motupōhue), tidlegare kjend som Campbelltown og ofte omtala som «The Bluff», er ein by og ei hamn i regionen Southland på sørkysten av SørøyaNew Zealand. Det er den sørlegaste byen på New Zealand (utanom Oban) og, trass i at Slope Point og Stewart Island/Rakiura båe ligg lenger sør, vert han vanlegvis omtala som det sørlegaste punktet i landet. Folketeljinga i 2018 viste eit innbyggjartal på 1797, ein nedgang på 6 sidan folketeljinga i 2013.

Området der Bluff ligg, var eit av dei tidlegaste der europearar slo seg ned på New Zealand. Det første skipet ein kjenner til som kom inn i hamna, var «Perseverance» i 1813, som leita etter høve til å gjera handel med fiberplanten Phormium, og dei første europeiske nybyggjarane slo seg ned i 1823 eller 1824.[2]

Dette er grunnlaget for påstanden[3] om at Bluff er den eldste permanente europeiske busetnaden i landet. Men misjonærbusetnaden i Kerikeri kom både tidlegare og var større. Byen fekk det offisielle namnet Campbelltown i 1856, vart ein borough i 1878, og fekk på nytt namnet Bluff i 1917.[4]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Awarua Plains (øvst), Tiwai Point (senter) Bluff (nede til venstre) sett frå Den internasjonale romstasjonen i 2008
Vegskilt ved Stirling Point ved Bluff.

Bluff ligg 30 km langs vegen frå Invercargill, og den sørlege endestasjonen til Bluff Branch, forlenginga av jarnvegslinja Main South Line frå Invercargill. Dette var ei av dei eldste jarnvegslinjene på New Zealand, og opna den 5. februar 1867.[5]

Bluff ligg ved enden av ei halvøy som dannar den vestre sida av Bluff Harbour og Awarua Bay, der hamna ligg i den relativt tronge innløpskanalen. Ho ligg inntil State Highway 1, som endar ein kilometer sør for byen ved Stirling Point. Ved Stirling Point ligg «byen sin største turistattraksjon»,[6] eit vegmerke som viser fråstand og retning til fleire større byar og stadar kring i verda, samt til ekvator og Sørpolen.

Bluff sitt kjennemerke er Bluff Hill/Motupohue, ein ås 265 meter over havet, som gjev litt ly mot dei vanlegaste, vestlege vindane. Det går ein vakker gangveg langs stranda, gjennom naturleg skog, og opp til denne toppen. Byen har fått namn etter denne åsen, som var kjend blant dei tidlege kvalfangarane som Old Man's Bluff eller Old Man Bluff. Mot aust gjennom inngangskanalen ligg Tiwai Point, der det einaste aluminiumsverket på New Zealand og kaia til dette ligg. Bauksitt vert skipa frå Australia, og elektrisk kraft kjem frå kraftverket Manapouri Power Station i Fiordland National Park.

Ein lenkjeskulptur ved kysten nær Bluff symboliserer maoriane sine forteljingar om at Stewart Island er ankra til Sørøya; ein tilsvarande skulptur i Rakiura National Park representerer den andre enden av lenkja.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

South Port er hamnestyresmakta i Port of Bluff, og er eigd med 66,5 % av Southland Regional Council. Hamna er lita i høve til dei store hamnene på New Zealand, som til dømes Ports of Auckland eller Port of Tauranga, ho tek hand om kring 3,4 millionar tonn last årleg.[7] Ein vonar at aluminiumsverket ved Tiwai Point, og oljeleitingsaktiviteten i Great South Basin vil hjelpa til med å sikra den framtidige verksemda i hamna.[8] Ei vekentleg kontainerskiprute (sidan 2008) har også auka transportvolumet i hamna, men driftsresultata har variert noko gjennom åra.[9]

Bluff Harbour er også terminalen til katamaranferja til Stewart Island/Rakiura, som går to gonger dagleg 60 km over Foveaux-sundet. Ho er hovudutskipingshamna for newzealandske skip som skal til Antarktis. Hamna er òg tilhaldsstad for østersflåten i Foveauxsundet. Østers frå Bluff er kjende for å vera saftige og ha fin aroma, og er sett på som ei delikatesse over heile landet, og det vert halde ein årleg østersfestival i Bluff.[10] Østerskvoten vart sterkt redusert på 1990-talet på grunn av at den giftige protozoparasitten Bonamia exitiosa kom til østersfelta.[11]

Flutey paua house i Canterbury Museum

Blant attraksjonane i byen var Paua House, utforma av Fred og Myrtle Flutey. Dette var ein vanleg bungalow der ytterveggene var fullstendig kledde av pauaskjel. Interiøret var også sterkt dekorert med paua, og og der er ei stor samling av (ofte kitsch-prega) paua-dekorerte ornament, bruks- og pyntegjenstandar.

Etter at eigarane døydde, vart huset gjort til eit museum, men det vart seinare selt, og i mars 2007 vart utstillingane flytta til Christchurch. Dei har vore permanent utstilte i Canterbury Museum sidan juli 2008.[12]

Bluff Maritime Museum har ei stor samling av modellar, båtar, artefaktar, pyntegjenstandar, ein verksam trippel ekspansjonsmaskin og «Monica», ein østersbåt i full storleik.

Panorama frå toppen av Bluff Hill. Bluff port (hamna) ligg i midten, og aluminiumsverket ligg i halvdistanse litt til høgre.
Daggry over hamna i Bluff.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bluff - Population and dwellings». Statistics New Zealand. Henta 28. april 2020. 
  2. «A Look at Bluff's Past». Bluff Promotions. Henta 28. april 2020. 
  3. Bluff Promotions AGM. «Bluff history – an overview». Henta 30. april 2020. 
  4. David Grant (25. mai 2015). «Bluff and the south coast». Te Ara Encyclopedia of New Zealand. Henta 5. mai 2020. 
  5. «A look at Bluff's past – part 2». Bluff Promotions. Henta 3. mai 2020. 
  6. Newstalk ZB (22. september 2017). «Tourist calls bluff on famous signpost». Henta 3. mai 2020. 
  7. {SOUTH PORT NEW ZEALAND LIMITED (25. oktober 2018). «2018 ANNUAL MEETING NZX AND MEDIA STATEMENT» (PDF). Henta 5. mai 2020. 
  8. «South Port counts on hub feeder network». The New Zealand Herald. 28. september 2007. Henta 5. mai 2020. 
  9. «South Port annual profit slips 3%, beating guidance». The New Zealand Herald. 24. august 2017. Henta 5. mai 2020. 
  10. «Bluff keeps oyster festival after community rallies». The New Zealand Herald. 13. desember 2007. Henta 5. mai 2020. 
  11. «A survey of the Foveaux Strait oyster (Ostrea chilensis) population (OYU 5) in commercial fishery areas and the status of Bonamia (Bonamia exitiosa) in February 2019». Fisheries New Zealand. Henta 5. mai 2020. 
  12. «Paua shell house display at Canterbury Museum». Otago Daily Times. 5. juli 2008. Henta 2. mai 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bluff på New Zealand