Blynitrat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kjemi[endre | endre wikiteksten]

Blynitrat
Synonymer: Lead Nitrate
Kjemisk Formel: Pb(NO3)2
Stoffgruppe: Nitrat
Fysiske eigenskapar
Molvekt 331.2 g/mol
Tettleik: 4.6 g/cm3, solid
Smeltepunkt: 290 °C
Identitetsnummer
CAS-nummer: 10099-74-8
Blynitrat

Når blynitrat vert varma opp vert blyoksid danna. Reaksjonen lagar òg ein sprakande lyd. På grunn av dette vert blynitrat ofte brukt i pyrotekniske materiale som til dømes fyrverkeri.

Blynitrat i vanleg form (det vil seia små, kvite og luktfrie korn) reagerer med kaliumjodid og dannar gulaktig blyjodid.

Pb(NO3)2(aq) + 2KI(aq) → PbI2(s) + 2 KNO3(aq)

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Blynitrat vert som oftast framstilt ved å løysa blymetall eller blyoksid i salpetersyre.

3 Pb + 8 HNO3 → 3 Pb(NO3)2 + 2 NO + 4H2O
PbO + 2 HNO3 → Pb(NO3)2 (s) + H2O

Tryggleik[endre | endre wikiteksten]

Metallet bly og det uløyselege saltet blysulfid er ikkje farleg i seg sjølv. Men dei løyselege salta som blyklorid og blynitrat kan føra til blyforgifting.

Ved mistanke om blyforgiftning kan ein sjå etter følgjande symptom:

  • Mage- og tarmproblemer
  • Kvalme
  • Oppkast
  • Store underlivssmerter
  • Krampe
  • Svekka appetitt