Blythburgh
| Blythburgh | |||
| landsby | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Aust-England | ||
| Fylke | Suffolk | ||
| Distrikt | East Suffolk | ||
| Folketal | 336 (2021)[1] | ||
![]() Blythburgh 52°19′01″N 1°36′00″E / 52.317°N 1.6°E | |||
| Wikimedia Commons: Blythburgh | |||
Blythburgh er ein landsby og eit parish i Suffolk i England. Han ligg ved elva Blyth, 4 mile (6,4 km) vest for Southwold og 5 mile (8,0 km) søraust for Halesworth. A12-vegen går gjennom landsbyen som er delt i to av vegen. Ved folketeljinga i 2011 hadde Blythburgh parish eit folketal på 297. Blythburgh parish omfattar også landsbyane Bulcamp og Hinton.
Blythburgh er best kjend for kyrkja si, Holy Trinity, som også er kjend som Cathedral of the Marshes, eller ‘Myrkatedralen’.[2] Kyrkja har vore opplyst med flaumlys sidan 1960-talet, og er eit landemerke for reisande på motorvegen A12.[3] Klosteret Blythburgh Priory blei grunnlagt her av augustinske munkar frå St Osyth's Priory i Essex på 1100-talet.[4][5] Klosteret blei nedlagt i 1537, under reformasjonen, og er no i ruinar.[6]
Byen ligg i området Suffolk Coast and Heaths Area of Outstanding Natural Beauty i området kjent som Suffolk Sandlings. Han ligg nær suffolkkysten som har status som heritage coast, og er nær eit område av marskland og mudderflater langs elva Blyth som blei overflauma i 1940 som del av den britiske beredskapen mot invasjon ved byrjinga av andre verdskrigen.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Nord for landsbyen er staden slaget ved Bulcamp stod i 653 eller 654 mellom styrkane til Anna av East Anglia og Penda av Mercia. Anna av East Anglia blei overvunnen og drepen saman med sonen sin Jurmin. Begge blei truleg gravlagde på området til Blythburgh Priory.[7][8]
Ved innsamlinga til Domesday Book i 1086 var Blythburgh ein svært stor landsby med 42 hushald.[9] Han blei kalla Bledeburo, Blieburc eller Blideburc på denne tida, og var ein del av eigedommane til kong Vilhelm erobraren.[10][11] Blythburgh var ei viktig hamn på denne tida, og blei skatta med 3000 sild per år.[12] Bulcamp og Hinton blei begge oppførte for seg med åtte hushald kvar. Begge tilhøyrde Roger Bigot.[13][14]
Blythburgh Priory blei grunnlagt av augustinske munkar frå St Osyth's Priory i Essex på 1100-talet.[15][5] Klosteret blei nedlagt i 1537 og forfall til ruinar.[16] Staden har no status som scheduled monument.[17] Han blei delvis arkeologisk utgraven i 2008 av Time Team-programmet frå Channel Four.
Elva Blyth var stort sett blitt formudra på 1700-talet. På 1750-talet var handelsmenn frå byen Halesworth i nærleiken ivrige etter å opna elva for handel. Etter at parlamentet vedtok ein lov om det i 1757 blei det bygd fire sluser, og elva opna for skipsfart i 1761.[18] Ved slutten av 1800-talet gjorde formudring av elva nedstraums for Blythburgh handelen vanskeleg, og slusene blei til slutt stengde i 1934.[18] Bulcamp, i den nordlege enden av Blytburgh parish, husa Blything Union arbeidshus. Det blei bygt i 1765-66, og blei seinare eit geriatrisk sykehus.[19] Bygningen er no bygd om til bustader.[20]
Joseph P. Kennedy Jr., den eldste broren til den amerikanske presidenten John F. Kennedy, blei drepen då flyet hans eksploderte rundt 1,6 km sør for landsbyen under andre verdskrigen. Kennedy og løytnant Wilford John Willy var pilotar på eit BQ-8 «robot»-fly (ein ombygd B-24 Liberator) for det fyrste oppdraget til den amerikanske marinen i Operasjon Aphrodite.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]
Milepålen langs A12 viser at landsbyen ligg 48 km nord for Ipswich og 39 km sør for Great Yarmouth. Langs vegen ligg puben White Hart Inn, som er eigd av det Southwold-baserte bryggeriet Adnams Brewery. Bygningen er frå 1500-talet og er kjend for voluttgavlar og synlege takbjelkar inne.[21] Henham Park, heimstaden til Rous-familien, ligg delvis i Blythburgh Parish. Her blir den årlege Latitude Festival halden. Størstedelen av landjorda sør for landsbyen tilhøyrer Blois-familien, som tidlegare budde på Cockfield Hall. Parishet omfattar Bulcamp i nord og Hinton i søraust.
Kring landsbyen ligg det store område av overfløymd marskland rundt estuaret til elva Blyth. Elva renn frå vest for Halesworth til Nordsjøen mellom Southwold og Walberswick, sjølv om ho opphavleg kom ut til havet ved Dunwich. Ein kan nå Southwold via vegen A1095 veg med utsikt over elva og det tilstøytande fuglereservatet Hen Reedbeds.
Blythburgh jernbanestasjon knytte landsbyen til Halesworth og Southwold på Southwold-linja, som no er nedlagd. Jernbanen var ein smalsporbane (3 fot, 914 mm) som var i drift mellom 1879 og 1929.
Batterilokomotivet «Greenbat» blir nytta til å trekka replikavogner på opne dagar.

Holy Trinity Church
[endre | endre wikiteksten]Soknekyrkja er vigd til treeininga, Holy Trinity, og er kjend som «Cathedral of the Marshes». Blythburgh var ein av dei fyrste kristne stadene i East Anglia, og har truleg hatt ei kyrkje sidan 600-talet. Den noverande kyrkja er ein verna bygning som daterer frå 1300- og 1400-talet.[22]
4. august 1577 skal ein spøkelsesaktig svart hund kjend som Black Shuck dukka opp i kyrkja. Blythburgh er nemnd i songen «Black Shuck» av rockegruppa The Darkness, frå albumet Permission To Land.
Kjende folk knytte til staden
[endre | endre wikiteksten]Følgjande kjende folk har vore tilknytte Blythburgh.
- William Alwyn CBE, komponist
- Doreen Carwithen, kona hans, også komponist
- Ernest Crofts RA, militær kunstnar
- Kenneth Hubbard OBE DFC AFC, RAF-piloten, slapp den fyrste britiske H-bomba i mai 1957
- Simon Loftus OBE, bryggjar og vinseljar
- Sir John Seymour Lucas RA, portrettmålar
- Jack Pritchard, designar knytt til Isokon
- Martin Shaw, komponist
- Peter Harold Wright VC, mottakar av viktoriakrossen under andre verdskrigen
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Parish Profiles». Office for National Statistics. Henta 5. august 2024.
- ↑ «Short History of Blythburgh by Alan Mackley». www.blythburgh.net. Henta 17. november 2024.
- ↑ «Short History of Blythburgh by Alan Mackley». www.blythburgh.net. Henta 17. november 2024.
- ↑ Blythburgh Priory ruins hosts first service in 500 years, BBC news website, 2011-08-02. Retrieved 2014-03-09.
- 1 2 Blythburgh Priory, Blythburgh, Suffolk. Archaeological evaluation and assessment of results Arkivert 9 March 2014 ved Wayback Machine., Wessex Archaeology, September 2009. Retrieved 2014-03-09.
- ↑ Page.W (1975) 'Houses of Benedictine monks: Priory of Blythburgh', A History of the County of Suffolk: Volume 2, pp. 91-94 (available online). Retrieved 2014-03-09.
- ↑ S. E. Kelly, ‘Anna (d. 654?)’, Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press, 2004; online edn, Sept 2013 accessed 2014-03-08.
- ↑ Warner, Peter (1996) The Origins of Suffolk, Manchester and New York: Manchester University Press.
- ↑ «Short History of Blythburgh by Alan Mackley». www.blythburgh.net. Henta 17. november 2024.
- ↑ Blythburgh Arkivert 9 March 2014 ved Wayback Machine., Open Domesday. Retrieved 2014-03-09.
- ↑ Blythburgh, The Domesday Book Online. Retrieved 2014-03-09.
- ↑ Blythburgh, The Domesday Book Online. Retrieved 2014-03-09.
- ↑ Bulcamp Arkivert 10. mars 2014 ved Wayback Machine., Open Domesday. Retrieved 2014-03-09.
- ↑ Hinton Arkivert 10. mars 2014 ved Wayback Machine., Open Domesday. Retrieved 2014-03-09.
- ↑ Blythburgh Priory ruins hosts first service in 500 years, BBC news website, 2011-08-02. Retrieved 2014-03-09.
- ↑ Page.W (1975) 'Houses of Benedictine monks: Priory of Blythburgh', A History of the County of Suffolk: Volume 2, pp. 91-94 (available online). Retrieved 2014-03-09.
- ↑ Historic England. «Blythburgh Priory] (1005962)». National Heritage List for England. Henta 9. mars 2014.
- ↑ Blythburgh and District Hospital, Blythburgh, British Listed Buildings. Retrieved 2014-03-09.
- ↑ Blythburgh and District Hospital, Blythburgh, British Listed Buildings. Retrieved 2014-03-09.
- ↑ White Hart Inn, Blythburgh, British Listed Buildings. Retrieved 2014-03-09.
- ↑ «Holy Trinity Church, Blythburgh», British Listed Buildings, henta 9. mars 2014
- Bibliografi
- Hugh Roberts, Mary Montague, & Barry Naylor. Holy Trinity, Blythburgh: Cathedral of the Marshes. Jarrold Publishing, 1999.
- History Notes — Blythburgh Society
- Alan Mackley, Mary Montague. 'Blythburgh. A Suffolk Village'. Blythburgh Church and Jarrold Publishing, 2003.
- Alan Mackley, ed. The Restoration of Blythburgh Church 1881–1906. The Dispute between the Society for the Protection of Ancient Buildings and the Blythburgh Church Restoration Committee. Boydell, 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Blythburgh» frå Wikipedia på engelsk, den 29. januar 2026.
