Blythe Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 62°28′S 60°20′W
Blythe Bay
bukt
Desolation-Island.jpg
Blythe Bay og Desolation Island frp Vidin Heights på Livingston Island
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Sør-Shetlandsøyane
 - koordinatar 62°28′S 60°20′W
Administrert under Antarktistraktaten
Plasseringa til Desolation Island i Sør-Shetlandsøyane.
Plasseringa til Desolation Island i Sør-Shetlandsøyane.
Blythe Bay is located in Antarktis
Blythe Bay (Antarktis)

Blythe Bay er ein ankerplass på søraustsida av Desolation Island, som ligg nord for Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Bukta grensar til Craggy Island i nordaust, Desolation Island i nordvest, Miladinovi Islets i vest og Wood Island i sør.

Vika var kjend for amerikanske og britiske selfangarar som Blythe Bay så tidleg som 1821. I 1930-åra vart namnet nytta om ei stor bukt mellom Williams Point og Cape Shirreff (i dag Hero Bay). Denne feilen vart retta opp og namnet Blythe Bay er no slik det opphavleg var. Ho er truleg kalla opp etter Blythe (i dag Blyth) i England, heimstaden til William Smith som rapporterte å ha oppdaga Sør-Shetlandsøyane i 1819.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]