Bnei Brak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bnei Brak
Bene Beraq
בְּנֵי בְּרַק
by
Bnei Brak IMG 5863.JPG
Flagg
Våpenskjold
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Tel Aviv distrikt
Koordinatar 32°05′N 34°50′E
Areal 7,088 km²
Folketal 168 800 (2012) [1]
Folketettleik 23 815 / km²
Grunnlagd 1924
Borgarmeister Hanoch Zeibert (Agudat Yisrael)

Bnei Brak
32°4′51″ N 34°50′2″ E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Bnei Brak
Nettstad: www.bnei-brak.muni.il

Bnei Brak eller Bene Beraq (hebraisk: בְּנֵי בְּרַק) er ein by i Israel ved Middelhavet og den israelske kystsletta, like aust for Tel Aviv, i Gush Dan storbyområde og Tel Aviv distrikt. Bnei Brak er eit senter for ultraortodoks jødedom.

Bnei Brak dekkjer eit område på 709 mål. I følgje tal frå Israelsk statistisk sentralbyrå hadde han mot slutten av 2009 154 400 innbyggjarar, med ein årleg vekstrate på 1,7 %.[2] I november 2012 var folketalet i byen 176 556, noko som gjer han til den 10. største byen i Israel.[3] Bnei Brak er av dei fattigaste og tettaste folkesette byane i Israel.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bnei Brak er kalla opp etter den gamle bibelske byen Beneberak, som er nemnt i Tanakh (Josva 19:45) i ei lang liste over byar i det gamle Judea. Namnet er òg av somme nemnt som eit framhald av namnet på landsbyen Ibn Ibraq, som låg 4 km sør for der Bnei Barak vart grunnlagd i 1924.[5]

Bnei Brak vart grunnlagd som ein jordbrukslandsby av Yitzchok Gerstenkorn og ei gruppe olske hasidiske jødar. På grunn av landmangel vart mange av grunnleggjarane tvungne til å ta andre yrke og landsbyenn byrja etter kvart å få eit urbant preg. Arye Mordechai Rabinowicz, tidlegare rabbi i Kurów i Polen, var den første rabbien. Byen vart sett opp som ein religiøs busetnad frå starten av.[6]

I folketeljinga i 1931 var folketalet i Benei Beraq 956, berre jødar, fordelt på 255 hus.[7]

Bnei Brak fekk bystatus i 1950.

Kjende personar frå Bnei Brak[endre | endre wikiteksten]

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Bnei Brak er venskapsby med:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Statistical Abstract of Israel 2012 - No. 63 Subject 2 - Table No. 15». .cbs.gov.il. Arkivert frå originalen 2013-10-20. Henta 5. september 2015. 
  2. «Table 3 – Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. september 2014. Henta 1. oktober 2014. 
  3. «בני ברק – העיר העשירית בגודלה בארץ» [Bnei Brak - The Tenth Largest City i Country] (på hebraisk). Israel National News. Henta 11. april 2012. 
  4. No walk in the park in Bnei Brak, arkivert frå originalen 2009-04-01, henta 5. september 2015 
  5. Cancik, Hubert, Peter Schäfer and Hermann Lichtenberger (1996), Geschichte-Tradition-Reflexion: Festschrift Für Martin Hengel Zum 70. Geburtstag. Mohr Siebeck. ISBN 3-16-146675-6. s. 484.
  6. «Bnei Brak at 75: City of Torah and Chassidus». Dei'ah VeDibur. Henta 14. oktober 2014. 
  7. Mills, 1932, s. 13
  8. Nahshoni, Kobi (May 31, 2011). «Bnei Brak Gets Twin Sister». Ynetnews. Henta 31. mai 2011.