Bo Diddley (1962)
| Bo Diddley (1962) Studioalbum av Bo Diddley | ||
| Språk | engelsk | |
| Utgjeve | August 1962[1] | |
| Sjanger | Rock and roll, rhythm and blues | |
| Lengd | 31:48[2] | |
| Selskap | Checker LP-2984 | |
| Produsent | Ralph Bass[2] | |
| Bo Diddley-kronologi | ||
|---|---|---|
| Bo Diddley's a Twister (1962) |
Bo Diddley (1962) | Hey! Bo Diddley (1963) |
| Singlar frå Bo Diddley | ||
|
||
Bo Diddley er eit studioalbum av den amerikanske rock and roll-pioneren Bo Diddley frå 1962. Det må ikkje forvekslast med samlealbumet med same namn frå 1958. Dette albumet kom ut på Checker i august 1962[1] og inneheld Willie Dixon-klassikaren «You Can't Judge a Book by the Cover», som vart gjeven ut på singel i juli 1962.[3]
Suksess i Storbritannia
[endre | endre wikiteksten]I Storbritannia vart Bo Diddley gjeve ut av Pye International Records. Den britiske utgåva nådde 11. plassen på UK Albums Chart.[4] Suksessen til albumet kom etter ein britisk turne Diddley hadde byrja i starten på året i lag med The Everly Brothers, Little Richard og The Rolling Stones.
På grunn av suksessen til albumet i Storbritannia, var det mange britiske band som spelte inn songar frå albumet.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle spor skrivne av Ellas McDaniel (Bo Diddley), utanom der andre er nemnde[2]
| Nr. | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «I Can Tell» (Samuel Smith, McDaniel) | 4:27 |
| 2. | «Mr. Khrushchev» | 2:56 |
| 3. | «Diddling» | 2:12 |
| 4. | «Give Me a Break» | 2:07 |
| 5. | «Who May Your Lover Be» | 2:54 |
| 6. | «Bo's Bounce» | 1:35 |
| Nr. | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 7. | «You Can't Judge a Book by the Cover» (Willie Dixon) | 2:43 |
| 8. | «Babes in the Woods» | 2:10 |
| 9. | «Sad Sack» | 2:38 |
| 10. | «Mama Don't Allow No Twistin'» | 2:10 |
| 11. | «You All Green» | 3:03 |
| 12. | «Bo's Twist» | 2:32 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Musikarar
- Bo Diddley – solovokal, sologitar
- Jerome Green – maracas, korvokal
- Peggy Jones – rytmegitar, korvokal
- Frank Kirkland – trommer
- Clifton James – trommer
- Willie Dixon – bass
- Produksjon[2]
- Ralph Bass – produsent
- Phil Chess – oversyn
- Ron Malo – lydteknikar
- Don Bronstein – plateomslag
Lister
[endre | endre wikiteksten]På UK Albums Chart nådde Bo Diddley 11. plassen den 2. november 1963.[4] Albumet nådde 117. plassen på Billboard Top LP's-lista i USA.[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bo Diddley (1962 album)» frå Wikipedia på engelsk, den 11. juli 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- 1 2 «Reviews of New Albums». Billboard: 34. August 18, 1962. Henta 10. juli 2017.
- 1 2 3 4 Bo Diddley (Vinyl sleeve). Bo Diddley. USA: Checker. 1962. Back cover. LP-2984.
- 1 2 «Reviews of New Singles». Billboard: 30. July 21, 1962. Henta 10. juli 2017.
- 1 2 «Chart Archive: Top 40 Official UK Albums Archive for 2nd November 1963». The Official Charts Company. Henta 10. juli 2017.
- ↑ «Top LP's». Billboard. December 8, 1962.