Bo Ericson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bo Ericson
Bo Ericsson.jpg
Fødd 28. januar 1919
Göteborg
Død

14. februar 1970
Karlstad

Bo Ericson på Commons

Bo Ericson (28. januar 191914. februar 1970) var ein svensk friidrettsutøvar frå Göteborg som vart europameister i sleggjekast i 1946.

Bo Ericson

Ericson sette svensk rekord i sleggjekast med 56,66 meter den 14. september 1941. Same året vann det fyrste av fem rake svenske meisterstitlar i greina. Den 22. august 1946 vann han sleggjetevlinga under friidretts-EMBislett stadion i Oslo med eit bestekast på 56,44 m.

6. august 1947 forbetra Ericson den svenske rekorden til 57,19 m, ein rekord som stod i ni år. Same sesong byrja han på ein ny fem år lang sigerrekke i den svenske friidrettsmeisterskapen. Han deltok i Sommar-OL 1948 i London, der han enda på sjettplassen etter å ha kasta 52,98 m. I 1953 vann han si siste SM-medalje i sleggjekasting og stod att med 10 nasjonale gull, to sølv og tre bronsar.

Ericson døydde 61 år gammal i Karlstad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]