Boarsvineblom
Utsjånad
| Boarsvineblom | |
Boarsvineblom | |
| Status | |
| Status i Noreg: Framandart med svært høg risiko | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
| Orden: | Korgplanteordenen Asterales |
| Familie: | Korgplantefamilien Asteraceae |
| Underfamilie: | Asteroideae |
| Stamme: | Senecioneae |
| Slekt: | Svineblom Senecio |
| Art: | Boarsvineblom S. inaequidens |
| Vitskapleg namn | |
| Senecio inaequidens | |
Boarsvineblom (Senecio inaequidens) er ein opptil 60 cm høg plante med gule, prestekrageliknande blomstrar. Han høyrer naturleg heime i høglandet i Sør-Afrika, men veks no også i store delar av Europa.[1]
Boersvineblomen er giftig for dyr og menneske, og beitedyr unngår han til vanleg. Likevel er det meldt om at beitedyr har døydd etter å ha ete planten.
Spreiing til Europa
[endre | endre wikiteksten]Boarvineblomen kom til Europa gjennom eksport av saueull. Boarsvineblomen har sidan 1980 spreidd seg massivt på industriområde og langs vegkantar i Tyskland. I 1995 vart planten funnen i Noreg, på eit jarnbanespor i Oslo. Sidan er han påsvist i fleire kommunar, mellom anna på eit industriområde på Lista.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Taxon: Senecio inaequidens DC.8», Germplasm Resources Information Network (GRIN), United States Department of Agriculture. Henta 25. mai 2015.
- Nationen: «Slår alarm om giftplante» Arkivert 2008-10-06 ved Wayback Machine.