Boats Against the Current

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Boats Against the Current
Studioalbum av Eric Carmen
Utgjeve August 1977
Sjanger Softrock
Lengd 37:57
Selskap Arista
Produsent Eric Carmen
Eric Carmen-kronologi
Eric Carmen
(1975)
Boats Against the Current Change of Heart
(1978)


Meldingar
Karakter
Kjelde Karakter
Allmusic 2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]

Boats Against the Current er eit studioalbum frå 1977 av Eric Carmen. Tittelen er henta frå ei linje i romanen The Great Gatsby av F. Scott Fitzgerald. Det var det andre soloalbumet til Carmen, etter at the Raspberries vart oppløyst. Det nådde 45. plassen på Billboard-lista.

Albumet inneheldt to singlar som nådde singellistene i USA. Dette var tittelsporet og «She Did It.» «She Did It» var den største hitten frå albumet,[2] som nådde 23. plassen på Billboard-lista og 15. plass i Cash Box, i tillegg til ein 11. plass i Canada. Tittelsporet nådde etter kvart 88. plass på Billboard-lista og 92. plass på Cash Box. «Marathon Man» var ein tredje singel frå albumet, men nådde ikkje listene.[3] Melodien på «Love is All that Matters» er basert på Tsjaikovskij sin «Femte symfoni, andre sats».

Gjeste musikarar på albumet er mellom anna korvokalistar frå Beach Boys og Burton Cummings (tidlegare i the Guess Who), gitar av Andrew Gold, og trommer av Jeff Porcaro frå Toto.

Tittelsporet vart covra i 1978 av Olivia Newton-John på albumet hennar Totally Hot.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Eric Carmen. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Boats Against the Current»   4:22
2. «Marathon Man»   3:55
3. «Nowhere To Hide»   5:05
4. «Take It or Leave It»   4:00
Side to
# Tittel Lengd
5. «Love Is All That Matters»   4:17
6. «She Did It»   3:48
7. «I Think I Found Myself»   4:25
8. «Runaway»   8:05

Lister[endre | endre wikiteksten]

År US Billboard US Cash Box US Record World US AC CAN CAN AC Tittel
1977 23 15 27 26 11 -- «She Did It»
1977 88 95 -- -- «Boats Against the Current»

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Melding i Allmusic
  2. «She Did It» by Eric Carmen. Song Facts. Henta 28. januar 2015.
  3. List of Songs: Songs and lyrics by Eric Carmen. Top40db.net. accessed 28. januar 2015.