Bob Burns

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bob Burns
BobBurns.jpg
Burns i studio med Lynyrd Skynyrd
Fødd24. november 1950(1950-11-24)
FødestadJacksonville i Florida i USA
Død3. april 2015 (64 år)
DødsstadCartersville i Georgia i USA
FødenamnRobert Lewis Burns Jr.
Aktiv1964–1970, 1973–1974
SjangerSouthern rock
InstrumentTrommer, perkusjon
Tilknytte artistarLynyrd Skynyrd
PlateselskapMCA
Verka somMusikar, låtskrivar

Robert Lewis Burns jr. (24. november 19503. april 2015) var ein USA-amerikansk trommeslagar som var med i den første besetninga av southern rock-bandet Lynyrd Skynyrd.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Burns var med å skipe Lynyrd Skynyrd i 1964 med Ronnie Van Zant, Gary Rossington, Allen Collins og Larry Junstrom og vart verande med bandet til 1974, sjølv om somme kjelder hevda han forlet bandet ei stund tidleg i 1970-åra. Bruns spelte på dei tilegaste demoane til bandet, frå 1970, men på albumet Skynyrd's First and... Last, ei samling av tidlege demoar, vert trommene på delar av ongane spelte inn i 1971 spelte av Rickey Medlocke. Dette albumet inneheld òg songar spelte inn i 1972, med Burns på trommer, som indikerer at Burns kan ha vore borte frå bandet i 1971 og kome attende i 1972. Ei kort stund tidleg i 1970-åra spelte Rickey Medlocke stundom samstundes med Brns på konsertar, slik The Allman Brothers Band gjorde.

I tillegg spelte Burns på dei to første studioalbuma til bandet: (Pronounced 'Lĕh-'nérd 'Skin-'nérd) og Second Helping. Burns slutta i 1974 fordi han var lei turnélivlet og vart erstatta av Artimus Pyle.

Burns døydde i ei bilulukke då han krasja i ein postkasse og eit tre i ein skarp sving den 3. april 2015.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas; Leggett, Steve. «Biography: Lynyrd Skynyrd». Allmusic. Henta 14. september 2018. 
  2. Southall, Ashley (4. april 2015). «Robert Burns Jr., First Lynyrd Skynyrd Drummer, Dies at 64». The New York Times. s. A22. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]