Bob Gibson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bob Gibson
Bob Gibson c 1960 (JJH).jpg
Bob Gibson, kring 1960
Fødd16. november 1931(1931-11-16)
FødestadBrooklyn i New York
Død28. september 1996 (64 år)
DødsstadPortland i Oregon
FødenamnSamuel Robert Gibson
OpphavUSA
Aktiv15. april 1959–1975
SjangerFolk
InstrumentGitar, banjo
Tilknytte artistarHamilton Camp
PlateselskapRiverside, Elektra
Verka somSongar, låtskrivar
PrisarRawlings Gold Glove Award, Major League Baseball Most Valuable Player Award

Samuel Robert Gibson (9. november 19352. oktober 2020) var ein USA-amerikansk visesongar og ein nøkkelfigur i gjennopplivinga av den amerikanske folkemusikken seint i 1950- og tidleg i 1960-åra. Hovudinstrumenta hans var banjo og 12-strengsgitar.

Han introduserte den då ukjende Joan Baez for Newport Folk Festival i 1959. Han produserte ei rekkje LP-plater frå 1956 til 1965. Det mest kjende albumet hans, Gibson & Camp at the Gate of Horn, kom ut i 1961. Songane hans er blitt spelte inn av mellom andre The Limeliters, Peter, Paul and Mary, Simon & Garfunkel, The Byrds, Smothers Brothers, Phil Ochs ogThe Kingston Trio.

Karrieren hans vart avbroten av dop- og alkoholmisbruk. Etter han vart edru prøvde han seg på eit comeback i 1978, men den musikalske scenen hadde endra seg og den tradisjonelle stilen hans innan folkemusikk var ikkje lenger populær hos det unge publikummet. Han fortsette likevel karrierne med fleire album, musikalar, skodespel og fjernsynsframsyningar. I 1993 fekk han diagnosen progressiv supranukleær parese (PSP), og døydde av sjukdommen 64 år gammal.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Offbeat Folksongs (Riverside, 1956) LP
  • I Come for to Sing (Riverside, 1957) LP
  • Carnegie Concert (Riverside, 1957) LP
  • Folksongs of Ohio (Stinson Records, 1957) 10" LP
  • There's A Meetin' Here Tonight (Riverside, 1958) LP
  • Ski Songs (Elektra, 1959) LP
  • Yes I See (Elektra, 1961) LP
  • Bob Gibson and Bob Camp at The Gate of Horn (Elektra, 1961) LP
  • Folksongs of Ohio (Stinson Records, 1963)
  • Hootenanny at Carnegie (Riverside, 1963) LP
  • Where I'm Bound (Elektra, 1964) LP
  • Bob Gibson (Capitol, 1970) LP
  • Funky in the Country (Legend Enterprises, 1974) LP – konsertopptak frå Amazingrace Coffeehouse
  • Gibson & Camp, Homemade Music (Mountain Railroad Records, 1978) LP
  • The Perfect High (Mountain Railroad Records, 1980) LP
  • Uptown Saturday Night (Hogeye Records, 1984) LP
  • Best of Friends (1984, on CD, Appleseed Records, 2004), med Tom Paxton og Anne Hills
  • Gibson & Camp, The Gate of Horn – Revisited! (B*G Records, 1986) CS
  • A Child's Happy Birthday Album (B*G Records, 1989) CS
  • Bob Gibson 5/91 – I Hear America Singing (Snapshot Music, 1991) CS
  • Stops Along the Way (B*G Records, 1991) CS
  • Gibson & Camp, The Gate of Horn – Revisited! (Folk Era Productions, 1994) CD
  • Makin' a Mess, Bob Gibson Sings Shel Silverstein (Asylum Records, 1995) CD
  • Joy, Joy! The Young and Wonderful Bob Gibson (Riverside, 1996) CD
  • Live at Cornell 1957 (Rediscover Music 2011) 3x CD.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]