Bob Weston

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bob Weston
JonMoss2011.jpg
Fødd1. november 1947(1947-11-01)
FødestadPlymouth i Devon i England
Død3. januar 2012 (64 år)
DødsstadBrent Cross i London i England
FødenamnRobert Joseph Weston
OpphavUSA, Storbritannia
Aktiv1967–2012
SjangerRock
Instrumentgitar, banjo
Kjende instrumentGibson Les Paul
Tilknytte artistarFleetwood Mac (1972–74)
Verka somMusikar

Robert Joseph «Bob» Weston (1. november 19473. januar 2012) var ein britisk musikar, mest kjend for den korte tida som gitarist og låtskrivar i rockebandet Fleetwood Mac.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

I ungdomen flytta han til London i midten av 1960-åra, der han spelte i bandet The Kinetic, som varma opp for Jimi Hendrix og Chuck Berry på konsertar i Frankrike.[1]

Weston kom med i Fleetwood Mac seint i 1972 som erstattar for gitaristen Danny Kirwan, som nettopp hadde fått sparken. I lag med det nye medlemmet Dave Walker, spelte Fleetwood Mac inn Penguin i januar 1973. Weston spelte hovudsakleg sologitar ved sidan av Bob Welch, men spelte òg slidegitar, og kunne spele munnspel og banjo. Han song òg med Christine McVie på songen «Did You Ever Love Me», og skreiv instrumentalstykket som avsluttar albumet, «Caught in the Rain». Seinare i 1973 måtte Dave Walker slutte i bandet, og resten av bandet spelte inn Mystery to Me. Weston spelte her igjen gitar[2] og var medlåtskrivar på «Forever» i lag med Welch og John McVie.

Under ein turné i USA seint i 1973 kom det fram at Weston hadde eit forhold til kona til Mick Fleetwood, Jenny Boyd.[1][3] Fleetwood fekk då etter kvart Weston sparka frå bandet og resten av turneen vart kansellert. Bandmedlemmane reiste då kvar til sitt for å samle tankane sine[2] og det var denne situasjonen som var opphavet til «falske Fleetwood Mac»-soga, der manageren Clifford Davis rekrutterte ei ny gruppe musikarar, som han kalla Fleetwood Mac og sendte ut på turné.[3] Sjølv om det falske bandet raskt vart avslørt av tilhengjarane, følgde det ein rettstrid dei neste åra som hindra det ekte Fleetwood Mac å spele inn musikk.

Bob Weston hadde dermed ein stor innverknad på Fleetwood Mac, sidan det var uroa han skapte som fekk Welch til å slutte i bandet seint i 1974, noko som bana veg for at Lindsey Buckingham og Stevie Nicks kom med i bandet, og det store gjennombrotet bandet fekk etter det.[3]

Weston spelte ei stund med Murray Head, og vart så ei kort stund med bassist Nick South og trommeslagar Ian Wallace i Steve Marriott sitt nye All-Stars Band. Då Marriott ønskte å spele sologitar sjølv, spelte Weston inn eit par soloalbum.[2] Mellom anna spelte Mick Fleetwood trommer på ein song av det andre soloalbumet til Weston, Studio Picks.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

med Fleetwood Mac[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

  • Night Light (AZ International 1980)
  • Studio Picks (AZ International 1981)
  • There's a Heaven (Private pressing 1999)

Andre utgjevingar med Bob Weston[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Bob Weston». Telegraph. Henta 18. juli 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 The Penguin Q&A with Bob Weston, desember 6–19, 1999
  3. 3,0 3,1 3,2 Brunning, Bob (1990). Fleetwood Mac: Behind the Masks. London: New English Library. ISBN 0-450-53116-3. OCLC 22242160. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]