Bob Wills

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bob Wills
Bob Wills photograph - Cropped.jpg
Fødd6. mars 1905
FødestadLimestone County
Død13. mai 1975
DødsstadFort Worth
OpphavUSA
SjangerWestern swing
Instrumentfele, vokal
PlateselskapVocalion, Charly Records
Verka somskodespelar, singer-songwriter, orkesterleiar, musikar, dirigent, songar, teaterskodespelar
PrisarGrammy Lifetime Achievement Award

James Robert «Bob» Wills (6. mars 190513. mai 1975) var ein amerikansk country-musikar, låtskrivar og storband-dirigent innan western swing-sjangeren. Wills laga jazz-aktige arrangement, og med gruppa si «Texas Playboys» fekk han popularitet på 1940-talet med slagerar som «Steel Guitar Rag», «New San Antonio Rose», «Smoke On The Water», «Stars And Stripes On Iwo Jima» og «New Spanish Two Step».

Wills skipa fleire band og spelte på radio sør og vest i USA. I 1934 skipa han «Texas Playboys» med seg sjølv på fele, Tommy Duncan som songar og pianist, June Whalin som rytmegitarist, Johnnie Lee Wills på tenor-banjo og Kermit Whalin på stål- og bassgitar. Gruppa spelte mykje på ein radiostasjon i Tulsa i Oklahoma. Ho blei etterkvart utvida med Leon McAuliffe på stålgitar, Al Stricklin på piano, Smokey Dacus på perkusjon og ein blåseseksjon.

Wills and the Texas Playboys gjorde innspelingar for fleire ulike plateselskap som Vocalion, Okeh, Columbia og MGM. I 1950 hadde Wills to songar på Topp 10-lisa, «Ida Red Likes The Boogie» og «Faded Love». I år som følgde sleit Wills med dårleg helse og økonomi. Gruppa fortsette å turnera, sjølv om musikkstilen deira blei mindre populær som følgje av framveksten til rock and roll. I 1962 hadde Wills eit hjarteåtak, og måtte oppløysa «Playboys». Han heldt likevel fram med å gjera soloopptredenar.

Country Music Hall of Fame tok inn Wills i 1968, og den lovgjevande forsamlinga i Texas æra hans for bidraga hans til amerikansk musikk.[1] I 1973 var han i ferd med å spela inn eit album med fanen Merle Haggard då eit slag sende han i koma fram til han døydde i 1975. Rock and Roll Hall of Fame tok med Wills and the Texas Playboys i 1999.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]