Bobby Charlton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sir Bobby Charlton
CBE
Charlton ved Manchester Town Hall i 2010
Personleg informasjon
Fullt namn Robert Charlton[1]
Fødselsdato 11. oktober 1937
Fødestad Ashington i Northumberland i England
Dødsdato 21. oktober 2023 (86 år)
Høgd 5 ft 8 in (1,73 m)
Posisjon Miidtbane
Angrep
Ungdomsklubbar
East Northumberland Schools
1953–1956 Manchester United
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1956–1973 Manchester United 606 (199)
1974–1975 Preston North End 38 (8)
1976 Waterford 3 (1)
1978 Newcastle KB United 1 (0)
1980 Perth Azzurri 3 (2)
1980 Blacktown City 1 (1)
Totalt 649 (211)
Landslag
1953 England Schoolboys 4 (5)
1954 England Youth 1 (1)
1958–1960 England U23 6 (5)
1958–1970 England 106 (49)
Trenar for
1973–1975 Preston North End
1983 Wigan Athletic (caretaker manager)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Robert Charlton (11. oktober 193721. oktober 2023), kjend som Bobby Charlton, var ein engelsk fotballspelar, fødd i Ashington i Northumberland. Han vart verdsmeister for England i 1966, og vann fem ulike meisterskapstitlar for Manchester United, klubben han spela for i 17 år. Mellom 1958 og 1970 spela han totalt 106 A-landskampar, og skåra 49 landslagsmål for England, fleire skåringar enn nokon annan engelsk landslagspelar har prestert.

Charlton var angrepsspelar, spela i fleire posisjonar. Best var han som indreløpar. I den tilbaketrekte rolla kom blikk hans for spelet mest til sin rett. I 1966 fekk han Gullballen, som teikn på at han vart rekna som den beste europeiske fotballspelaren.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Bobby Charlton, forside i den argentinske sportsmagasinet El Gráfico.

Klubbspel for Manchester United[endre | endre wikiteksten]

Charlton fekk kontrakt med Manchester United i 1955. Ligadebuten kom i oktober 1956 mot London-klubben Charlton. Han overlevde ei flyulukke i München i februar 1958, der mellom andre åtte lagkameratar miste livet. Charlton fekk berre mindre skadar i ulukka, og var tilbake på fotballbana nokre veker seinare.

Manchester United kunne bokføre tre ligameisterskap i Charltons tid som spelar, og tre gongar kom klubben på andreplass. Meisterskapa kom i 1957, 1965 og 1967. I FA-cupen fekk han med seg tre finalar på Wembley. Både i 1957 og 1958 vart det tap, men i 1963 vart det siger med 3–1 over Leicester City. Særleg gjennom 1960-åra var Charlton ein sentral spelar for Manchester, saman med skotten Denis Law og seinare, nordirske George Best.

I 1968 var Charlton atter sentral då Manchester United vann Europacupen. Manchester-klubben vart dermed den fyrste engelske klubben som gjekk til topps i den gjævaste av Europacupane. Etter trimfen i Europacupen, sleit Manchester med å gjere seg gjeldande i engelsk klubbfotball. Charlton forlet klubben ved sesongslutt i 1973, året før klubben rykte ned.

Charlton spela 606 ligakampar for Manchester United, noko som var klubbrekord til Ryan Giggs tok over rekorden i 2008. Han skåra 199 ligamål, det er framleis klubbrekord i 2012.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Charlton debuterte for England på Hampden Park i Glasgow i april 1958, han skåra det siste målet i ein kamp som enda med 4–0 til England. Han var med landslagstroppen som same sommaren deltok i VM i fotball 1958 i Sverige, men fekk ikkje speletid i ein meisterskap der England tidleg vart slått ut. Frå hausten det året hadde Charlton rimeleg fast plass i landslaget sin fyrste-ellevar.

Charlton var med på alle sluttspel-kampane i dei på påfylgjande verdsmeisterskapa, både i 1962, 1966 og 1970. I 1966 var han med på å vinne verdsmeisterskapen i fotball. Også den eldre broren Jackie Charlton, spelte på vinnarlaget. I denne verdsmeisterskapen imponerte Bobby Charlton stort, særleg i semifinalen mot Portugal. Han skåra begge Englands mål i ein kamp som enda 2–1. På slutten av VM-året vart han kåra til Årets fotballspelar i Europa.

VM i 1970 vart ein nedtur for Charlton. I dei tre siste kampane i turneringa vart han bytta ut. Den siste av desse kampane, kvartfinalen mot Vest-Tyskland, vart den siste gongen Charlton drog på seg den engelske landslagstrøya. Den dramatiske kvartfinalen enda med vesttysk siger 3–2 etter ekstraomgangar.

Etter 1973[endre | endre wikiteksten]

Etter Charlton slutta som spelar prøvde han seg som manager i Preston North End, som den gongen spela i 2. divisjon. Det enda med nedrykk. Frå hausten 1974 byrja han som spelande mananger for klubben, og spela 38 kampar før han vart oppsagd hausten 1975. Våren 1976 spela han tre seriekamapr for den irske fotballklubben Waterford.

Bobby Charlton vart styremedlem i Manchester United i 1984.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Robert CHARLTON». Companies House. Henta 1 May 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bobby Charlton