Bobby Colomby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bobby Colomby
Fødd20. desember 1944 (76 år)
FødestadNew York by
OpphavUSA
Verka sommusikkprodusent, musikar, komponist, filmprodusent

Robert Wayne Colomby (fødd 20. desember 1944) er ein USA-amerikansk jazzrock-trommeslagar, plateprodusent og TV-programleiar. Han er mest kjend som orgiginalt medlem i gruppa Blood, Sweat & Tears, som han var med å skipe i 1967. Han har òg spelt med ei rekkje andre artistar.

I 1976 var han blitt det einaste opphavlege medlemmet att i Blood, Sweat & Tears, og vart i røynda eigaren av namnet. Han produserte debutalbumet til Jaco Pastorius i 1976, og comeback-albumet til The Jackson 5, Destiny i 1978.

Eit par år seint i 1980-åra var han reporter på TV-programma Entertainment Tonight og CBS This Morning. Han var òg programleiar for In Person from the Palace.

I 2000 skipa Colomby og Richard Marx plateselskapet Signal 21 Records.[1] Dei gav berre ut eitt album, Richard Marx sitt Days in Avalon, før det vart lagt ned att.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Navarre sends out Signal 21». Business Wire. 2000.