Bobby Kimball

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bobby Kimball

Fødd29. mars 1947 (77 år)
FødestadOrange i Texas i USA
FødenamnRobert Troy Kimball
OpphavUSA
Aktiv1962 til i dag
SjangerArenarock, hardrock, poprock, adult contemporary, softrock
Instrumentvokal, klaverinstrument, perkusjon
Stemmetypetenor
Tilknytte artistarToto, Jimi Jamison
Verka somSongar, musikar

Robert Troy «Bobby» Kimball (fødd 29. mars 1947) er ein amerikansk songar, mest kjend som originalt medlem i Toto.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Kimball voks opp i Vinton i Louisiana. Han vart interessert i musikk så tidleg som fem år gammal og byrja å syngje. Seinare lærte han seg piano og lytta mykje til Dixieland jazz. Seinare vart han inspirert av R&B, og særleg Ray Charles, seinare òg Aretha Franklin og Otis Redding. Den britiske bølgja vart òg avgjerande for den seinare retninga han tok. Han byrja på medisinstudiar tidleg i 1970-åra og spelte på fritida med grupper som the Levee Band i New Orleans.

Kimball valde å prøve lukka i musikkindustrien og flytta til Los Angeles i 1974. Her møtte han tilfeldigvis Floyd Sneed, Joe Schermie og Mike Allsup, tidlegare medlemmar i Three Dog Night. I lag danna dei gruppa SS Fools, som spelte inn eit album for Columbia Records, men bandet vart oppløyst etter den første turnéen. Det var på denne tida Kimball møtte Jeff Porcaro og David Paich, to studiomusikarar i Los Angeles.

18 månader etter SS Fools vart nedlagd, spurte Paich og Porcaro om Kimball ønskte å bli songar i det nye bandet deira, Toto. Han fortalte seinare at dei hadde blitt avvist av Michael McDonald og Kenny Loggins, som var for opptekne av sine eigne karrierer. Toto vart raskt populære og fekk stor suksess, særleg utover i 1980-åra. Kimball var med i bandet fram til 1984. Han hadde på den tida utvikla eit alvorleg narkotikaproblem som gjorde det umogeleg å fortsette i bandet. Han valde å legge seg inn på avrusing og flytta til Tyskland. Solokarrieren gjekk treigt, men han byrja etter kvart å syngje som studiomusikar. Han kom òg attende til Toto ved nokre høve

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]