Bobby Morrow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bobby Morrow
Bobby Morrow 1956.jpg
Fødd 15. oktober 1935
Harlingen
Yrke sprinter, friidrettsutøvar
Bobby Morrow på Commons

Bobby Joe Morrow (fødd 15. oktober 1935) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Harlingen i Texas som vann tre gullmedaljar i sprintøvingane under Sommar-OL 1956 i Melbourne.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Morrow vart landmeister 1955 på 100 yards. Våren 1956 tangerte han verdsrekorden på 100 meter på 10,2 sekundar under eit løp i USA-meisterskapen i friidrett, før han i same meisterskapen vann finalen på tida 10,3. Ei veke seinare kvalifiserte han seg til OL 1956 både på 100 m og 200 m. Seinare i 1956-sesongen vann han begge sprintdistansane under den nordamerikanske college-meisterskapen, og han forsvarte tittelen som USA-meister på 100 yards.

I november 1956 reiste Morrow til Melbourne og sommarleikane med det USA-amerikanske sprintlaget, og returnerte med tre gullmedaljar. Fyrst vann han 100 meter på 10,5 sekundar. Tre dagar seinare sprang han inn til 20,6 sekundar på 200 meter, tangering av verdsrekorden, med landsmennene Andy Stanfield og Thane Baker på dei andre medaljeplassane. Den 1. desember tok han seg av ankeretappen i 4 x 100 m stafett, og suste inn til verdsrekord på tida 39,5, etter at Ira Murchison, Leamon King og Thane Baker hadde teke seg av dei andre etappane. Sovjetunionen fek sølv etter 39,8 sekundar.

Etter OL-sesongen heldt Morrow fram med å dominere på nasjonalt nivå til han la opp i 1958. Han gjorde comeback i 1960-sesongen, men makta ikkje å kvalifisere seg til sommarleikane i Roma.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]