Boblekammer
Hopp til navigering
Hopp til søk
Boblekammer er ein behaldar fylt med gjennomsiktig væske (vanlegvis flytande hydrogen) som er overoppheita, det vil sei med ein temperatur rett over kokepunktet. Det blir nytta til å oppdage elektrisk ladde partiklar som ferdast gjennom det. Kammeret vart oppfunnen i 1952 av Donald A. Glaser, som fekk Nobelprisen i fysikk i 1960.
Ein anekdote fortel at Glaser var inspirert av boblar i eit glas med øl. I eit intervju i 2006 nektar han likevel at det var bakgrunnen for oppfinninga, sjølv om han eksperimenterte med øl som væske i dei tidlege utgåvene av kammeret.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Boblekammer» frå Wikipedia på bokmål, den 10. mai 2012.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- (en) Generell informasjon