Bocca

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei Bocca-plate på 36 gram.

Bocca er ein sjokolade som Nidar AS lagar og distribuerer.

Produktet vart introdusert i 2002. Namnet Bocca kjem frå det italienske ordet «bócca», som tyder munn, smak eller munnfull.

Bocca inneheld 70% kakao og er tilsett vanilje for å gje ein avrunda smak. Sjokoladen er ikkje tilsett mjølk, og har ei lågare sukkermengd enn alminneleg mjølkesjokolade.

Bocca-variantar[endre | endre wikiteksten]

I dag finn ein Bocca i tre ymse variantar.

  • «Bocca»-sjokoladeplate (36 gram)
  • «Bocca»-sjokoladeplate (55 gram)
  • «Bocca Perfekt til kaffen»

«Bocca Perfekt til kaffen» er ein pose med tre ymse smakar mørk sjokolade; vanleg Bocca, Bocca med mandelkrokan og mokkabønner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]