Bocuse d’Or

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paul Bocuse i 2008
Premien i konkurransen er ein statuett av Paul Bocuse i gull, sylv eller bronse

Bocuse d’Or («Gull- Bocuse») er ein uoffisiell verdsmeisterskap i finare restaurantkokkekunst som vert skipa annakvart år i byen Lyon i Frankrike. Konkurransen vart sett i gang i 1987 av den franske, namngjetne meisterkokken Paul Bocuse (11. februar 1926-20. januar 2018), og har namn etter han. Paul Bocuse var president for Bocuse d’Or fram til sonen hans, Jérôme Bocuse, tok over i 2016.

Kandidatane til konkurransen kvalifiserer seg ved eit nasjonalt uttak i sitt eige land, i Noreg under konkurransen Årets Kokk. I 2008 vart det dessutan innført kvalifisering for kvar verdsdel før finalen gjekk av stapelen i Lyon.

Arne Brimi var den første kokken frå Noreg som tok del i konkurransen (1987), men nådde ikkje opp i finalen. Noreg har elles gjort det godt i konkurransen; med gull til Bent Stiansen (1993), Terje Ness (1999), Charles Tjessem (2003), Geir Skeie (2009) og Ørjan Johannessen (2015). Lars Erik Underthun (1991), Tom Victor Gausdal (2005) og Christopher W. Davidsen (2017) har teke sylv, og Odd Ivar Solvold (1997) og Gunnar Hvarnes (2011) har oppnådd bronse.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]