Boddingmonumentet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Monument over Paul Olaf Bodding ved Gjøvik kyrkje.

Boddingmonumentet er eit monument over Paul Olaf Bodding utanfor Gjøvik kyrkje. Monumentet er ein seks meter høg bauta ved Gjøvik kyrkje i Oppland. Det er reist til minne om misjonæren, lingvisten og folkloristen Paul Olaf Bodding. Bildehoggaren Nic Schiøll utforma støtta som blei avduka 23. september 1945.

Øvst på søyla er krossen som er det sentrale motivet for misjonen. Under krossen er jordkloden der frelsa er målet for misjonen. Midla er ordet og bøna. Det heile er bore av to falda hender. Nedanfor står følgjande inskripsjon: «Forkynn evangeliet for all skapningen». Aller nedst på monumentet er eit Boddingrelieff hogga i stein. Denne plasseringa er vald for å symbolisere at Bodding ikkje ønskte fokus på eiga gjerning, men derimot sette den ideelle misjonsgjerninga i sentrum. Dette blir underbygd av inskripsjonen på vestsida av monumentet: «Soli Deo gloria» ('Gud åleine æra').

Misjonsprest William Glad tok i 1942 initiativ til at det måtte bli reist eit monument over Bodding i heimbyen hans. Bodding hadde då vore død i berre fire år, og var gravlagd i Odense i Danmark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Olav Hodne: Oppreisning – Misjonæren og vitenskapsmannen Paul Olaf Bodding. Oslo 2006: Luther forlag.

60°47′52.56″N 10°41′12″E / 60.7979333°N 10.68667°E / 60.7979333; 10.68667