Bodil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bodil og Bodhild er eit kvinnenamn som kjem frå norrønt Bóthildr. Bót tyder betring, hjelp og -hild tyder strid. Forma Bodhild er kjent frå mellomalderen, forma Bodil frå 1500-talet, Bol er ei norsk dialektform.

Bodil har namnedag 17. juni.

Bruken av namnet i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I folketeljinga frå 1801 var det om lag 800 kvinner som vart manntallsførte med namna Bodil, Bodild, Bodhild, Boel eller Bol. Dei fleste var oppførte med namneforma Boel. Nær alle med skrivemåten Bol budde i Strandebarm. Dette tyder ikkje at namnet berre fanst der, manntallsførarane kan ha hatt ulik praksis når dei høyrde målføreformer av namn; mange kan òg ha valt å normalisere til ein dansk skrivemåte.

I teljinga frå 1900 var det om lag 250 med desse namneformene, om lag 150 av desse manntallsførte med forma Bol eller Boel.

Populariteten til namnet steig kraftig ut over 1900-talet, med ein topp i tida rundt den andre verdskrigen. Sidan har namnet vore mindre bruka.

I 2007 har 6349 Bodil og 172 Bodhild som første fornamn; 29 skriv seg for Boel.

Kjende namnebærar:[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg:[endre | endre wikiteksten]

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]

Olav Veka 1991: Namneboka, Det Norske Samlaget