Bodil Finsveen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bodil Finsveen
Fødd 23. september 1934

Fåberg

Død 14. oktober 2008
Parti Senterpartiet

Bodil Finsveen (fødd 23. september 1934 i Fåberg, død 14. oktober 2008) var ein norsk politikar for Senterpartiet. Ho representerte OpplandStortinget i perioden frå 1973 til 1977. Ho var då innvalgt på ei fellesliste med Venstre. I perioden etter var ho vararepresentant. I hovedperioden var ho medlem av administrasjonskomiteen.

Finsveen hadde utdanning frå  Statens lærerskole i husstellog arbeidde i fleire periodar som husstellærer. Frå 1959 til 1962 var ho konsulent i Landsamskipnaden for kosthald og helse, og frå 1978 var ho tilsett i familie- og likestillingsavdelinga i Forbrukar- og administrasjonsdepartementet.

Finsveen var medlem av Gran kommunestyre frå 1968 til 1975 og varamedlem av Oppland fylkesting frå 1972 til 1975. Ho melde seg ut av Senterpartiet i 1983.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Terje Nordby (red.): Storting og regjering 1945–1985. Biografier, Kunnskapsforlaget 1985.