Bodomsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bodomsjøen
innsjø
Bodomjarvi talvella.jpg
Vinter 2004
Land Flag of Finland.svg Finland
Tilsig Lukträsket, Kalajärvi, Långträsk
Utløp Oitån → Glomsån → Esboån
Høgd over havet 22,9 moh
Lengd km
Breidd km
Areal 4,22 km²
Middeldjupn m
Største djupn 13 m
Volum 0,023 km³
Koordinatar 60°15′23″N 24°40′00″E
Øyar 2
Wikimedia Commons: Lake Bodom

Bodomsjøen (Bodominjärvifinsk) er ein innsjø i Finland ved forstaden til byen Esbo i Finland, ikkje langt frå Helsingfors. Innsjøen er om lag 3 km lang og 1 km brei.

Innsjøen er kjend for morda som skjedde her 4. juni 1960, då fire tenåringar (to jenter og to gutar) på campingtur på mystisk vis vart åtaka i søvne. Tre av dei vart drepne, medan ein overlevde. Denne hendinga vert ofte kalla Bodommorda. I juni 2005 vart den einaste overlevande, Nils Gustaffson sikta for å ha drepe venene sine, men same året vart han frikjend på alle punkt.

Det finske metalbandet Children of Bodom, som òg er frå Esbo, tok namnet sitt frå desse morda.