Bodrog
Utsjånad
| Bodrog | |||
| elv | |||
Elvane Tisza og Bodrog sett frå lufta | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Nedslagsfelt | 13 579 km² | ||
| Lengd | 67 km | ||
| Middelvassføring | 115 m³/s | ||
| Kjelde | Ondava og Latorica | ||
| Munning | Tisza | ||
![]() Bodrog 48°27′17″N 21°49′10″E / 48.454602°N 21.819481°E | |||
| Wikimedia Commons: Bodrog | |||
Bodrog er ei elv aust i Slovakia og nordaust i Ungarn og ei av sideelvane til Tisza. Bodrog vert danna der elvane Ondava og Latorica renn i hop nær Zemplin aust i Slovakia. Ho kryssar grensa til Ungarn nær landsbyen Felsőberecki (nær Sátoraljaújhely) i Ungarn og Streda nad Bodrogom i Slovakia, der ho dannar det lågaste punktet i Slovakia (94,3 meter over havet), og held fram gjennom det ungarske fylket Borsod-Abaúj-Zemplén. Ho munnar ut i Tisza i Tokaj. Ein by langs elva er Sárospatak i Ungarn.
Elva er 67 km lang (av dette 15 km i Slovakia og 52 km i Ungarn). Ho har eit nedslagsfelt i 13 579 km² der 972 km² er i Ungarn. Elva er rik på fisk.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bodrog» frå Wikipedia på engelsk, den 24. september 2007.
