Body Wishes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Body Wishes
Studioalbum av Rod Stewart
Utgjeve 10. juni 1983
Innspelt 1982
Sjanger Rock, poprock
Lengd 41:19
Selskap Warner Bros.
Produsent Tom Dowd
Rod Stewart-kronologi
Absolutely Live
(1982)
Body Wishes Camouflage
(1984)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic1.5/5 starsStar half.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Rolling Stone2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]

Body Wishes er det 12. studioalbumet til Rod Stewart, gjeve ut 10. juni 1983 på Warner Bros. Records (WEA 92-3877-1). Albumet vart spelt inn og miksa i The Record Plant i Los Angeles. Det vart gjeve ut tre singlar frå albumet, «Baby Jane», «What Am I Gonna Do (I'm So in Love with You)» og «Sweet Surrender».

Plateomslaget er ein hyllest til omslaget av Elvis Presley-albumet 50,000,000 Elvis Fans Can't Be Wrong.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Body Wishes har fått dårlege meldingar. Då det kom ut gav Rolling Stone det to av fem stjerner og kalla det «han siste og ganske visst hans dårlegaste», sjølv om dei likte opningssongen «Dancin' Alone», og kalla han «ein Chuck Berry-aktig Rock & Roller som er både livleg og vittig». Stephen Thomas Erlewine i AllMusic gav seinare albumet 1,5 av 5 stjerner og kalla det «eit av dei dårlegaste Rod Stewart-albuma.» I same melding vert likevel «Baby Jane» og «What Am I Gonna Do (I'm So in Love with You)» trekt fram som «førsteklasses synth-prega pop/rock-fyll, som høyrest «vesentleg» ut samanlikna med dei andre songane på albumet.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Dancin' Alone» (Rod Stewart, Robin LeMesurier) 4:03
2. «Baby Jane» (Stewart, Jay Davis) 4:44
3. «Move Me» (Stewart, Tony Brock, Jay Davis, Wally Stocker, Kevin Savigar) 3:36
4. «Body Wishes» (Stewart, Jim Cregan, Kevin Savigar, Robin LeMesurier) 4:41
5. «Sweet Surrender» (Stewart, LeMesurier) 4:00
Side to
# Tittel Lengd
6. «What Am I Gonna Do (I'm So in Love with You)» (Stewart, Davis, Brock) 4:19
7. «Ghetto Blaster» (Stewart, Cregan, Savigar) 4:07
8. «Ready Now» (Stewart, Stocker) 3:34
9. «Strangers Again» (Stewart, Cregan, Savigar) 4:10
10. «Satisfied» (Stewart, Bernie Taupin, Cregan, Savigar) 4:08

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Body Wishes nådde femteplassen i Storbritannia og selde til platinaplate der 18. juli 1983. I USA fekk det ikkje noko salstrofé, men nådde 30. plassen på albumlista.

Singlar
År Song Plassering
1983 «Baby Jane» 1 (Storbritannia), 14 (USA), 1 (GER)
1983 «What Am I Gonna Do (I'm So in Love with You)» 3 (Storbritannia), 35 (USA), 9 (GER)
1983 «Sweet Surrender» 23 (Storbritannia), 42 (GER)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]