Bogaz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bogaz, zanjon eller karstkorridor er ein korridorforma sprekkeutviding i karstlandskap. Ein typisk bogaz dannar ei rettlinja kløft, som gjerne er 1-5 meter brei, 10-100 meter lang og 5-30 meter djup. Desse kløftene dannar hovudelementa i såkalla korridor- og labyrintkarst.

Ein meiner at bogaz-former dannast ved vidareutvikling av såkalla kluftkarren eller karstsprekker. Formene finst i alle klimasoner. I kalde strøk med permafrost reknar ein med at dei transporterte vatn då dei var dekt av isbrear i form av subglasial drenering.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bogaz. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 17. november 2013 frå http://snl.no/bogaz.