Bogsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bogsfjorden er ein fjordarm av Erfjorden i Suldal kommune i Rogaland. Han har ei lengd på om lag 3,5 km og strekker seg nordover til vestsida av eidet som bygda Erfjord ligg på.

På det smalaste er dette eidet berre om lag 250 meter breitt og på andre sida ligg ein indre del Erfjorden. Eidet går vidare sørover til halvøya Erøyna, som skil Bogsfjorden frå resten av Erfjorden.

Innløpet til Bogsfjorden er ved Bogssundet mellom Hommaneset og Tangane. Innanfor Bogssundet ligg Bogsholmen og vest for denne ligg den vesle grenda Bog, som har gjeve namn til fjorden.