Bohemian Rhapsody

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bohemian Rhapsody
Singel av Queen
frå albumet A Night at the Opera
B-side
Utgjeve 31. oktober 1975
Innspelt August–september 1975 i forskjellige studio
Sjanger
Lengd 5:57
Selskap
Låtskrivar(ar) Freddie Mercury
Produsent
Queen-kronologi
«Lily of the Valley»
(1975)
Bohemian Rhapsody «You're My Best Friend»
(1976)


«Bohemian Rhapsody» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Han vart skriven av Freddie Mercury for A Night at the Opera frå 1975. Songen er ein seks minuttar lang suite,[2] som består av fleire delar utan refreng: ein intro, ein ballade-del, ein operatisk passasje, ein hardrock-del og ein reflekterande koda.[3] Songen var den dyraste singelen som var spelt inn då han kom.[4]

Singelen «Bohemian Rhapsody» vart ein stor salsuksess, og han låg på toppen av UK Singles Chart i heile ni veker og hadde seld meir enn ein million eksemplar mot slutten av januar 1976.[5] Han nådde toppen av singellista igjen i 1991 i ytterlegare fem veker, då den same versjonen vart gjeven ut på nytt,[6] og vart til slutt den tredje mestseljande singelen i Storbritannia gjennom tidene.[7] Han toppa òg listene i fleire andre land, som i Canada, Australia, New Zealand, Irland og Nederland, og vart ein av dei mestseljande singlane gjennom tidene. I USA nådde songen opphavleg niandeplassen i 1976. Han klatra til andreplassen i 1992 etter han vart nytta i filmen Wayne's World.

Sjølv om kritikarane var usamde, var «Bohemian Rhapsody» ein av dei mest populære songane til Queen og finst ofte på lister over dei beste songane gjennom tidene. Det vart laga ein musikkvideo til songen som vert rekna som banebrytande av ekspertar.[8][9] I 2004 vart «Bohemian Rhapsody» innlemma i Grammy Hall of Fame.[10] I 2012 toppa songen lista til ITV i Storbritannia over den britiske favorittlåten dei siste 60 åra.[11]

Historie og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Harlekinfiguren Scaramouche er nemnd i «Bohemian Rhapsody».

Freddie Mercury skreiv «Bohemian Rhapsody» i heimen sin i London.[12] Produsenten på songen, Roy Thomas Baker, fortalde korleis Mercury ein gong spelte opningsballaden for han på piano: «Han spelte byrjinga på piano, så stoppa han og sa 'Og her er det opera-delen kjem inn!' Så gjekk me ut og åt middag.» Gitaristen Brian May sa at bandet tykte blåkopien til Mercury av songen var «spanande og original, og verdt arbeidet».[13] I følgje May vart det meste av Queen-songane skrivne i studio, men denne songen «var berre i hovudet til Freddie» før dei starta.[12] Musikkforskaren Sheila Whiteley skriv at «tittelen er i stor grad basert på den moderne rockeideologien, individualismen til den bohemske kunstnarverda medan rapsodi stadfestar dei romantiske ideala til kunstrocken».[14] Om bohemismen sa Judith Peraino at «Mercury meinte at songen skulle vere ein 'narre-opera', noko utafor dei normale rockesongane, og han følgjer ein viss opera-aktig logikk: refreng med lag på lag av stemmer mellom arie-liknande soloar. Kjenslene er så overdrivne og plottet forvirrande.»[15]

I følgje Chris Smith, ein ven av Mercury som spelte klaver i Smile, skal Mercury først ha byrja å skrive på «Bohemian Rhapsody» seint i 1960-åra. Mercury brukte å spele delar av songen han skreiv på pianoet, og eit av stykka, berre kalla «The Cowboy Song», inneheldt tekst som dukka opp i ein komplett versjon produsert fleire år seinare, i 1975, spesifikt «Mama ... just killed a man."[16] Dette går attende til opningslinja i ei B-side av Roy Orbison kalla «Mama» frå 1962.

Innspelinga byrja i Rockfield Studio 1 nær Monmouth den 24. august 1975, etter ei tre veker lang øving i Penrhos Court, nær Kington i Herefordshire. Under innspelinga av songen, vart det nytta fire andre studio (Roundhouse, SARM (East), Scorpion og Wessex).[4] Mercury gjekk gjennom songen med bandet på føre hand og rettleia bandet gjennom heile songen.[12] Mercury brukte eit flygel av merket Bechstein, som han speler på i videoen og på den britiske delen av turneen som følgde. På grunn av den avanserte oppbygginga av songen, vart han spelt inn i forskjellige delar, halde i lag av ein metronom for å halde alle laga synkroniserte.[17]

May, Mercury og Taylor song vokalpartia sine kontinuerleg i ti til tolv timar kvar dag.[12] Det tok tre veker å spele inn heile stykket, og i somme seksjonar vart det nytta 180 forskjellige opptak oppå kvarandre.[17] Sidan studioet på den tida berre kunne klare 24 spor med analogt lydband, måtte dei lage mellombelse miksar av vokalen på eigne lydband, og så mikse desse saman til den endelege miksen seinare. Til slutt vart det nytta åttegenerasjonslydband.[4]

Prodisenten Baker hugsar at soloen til May vart gjort på berre eitt spor, i staden for å gjere fleire opptak. May sa at han ønskte å skrive «ein liten melodi som kunne vere ein motvekt, eg ville ikkje berre spele melodien».[12]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

I see a little silhouetto of a man
Scaramouch, scaramouch will you do the fandango
Thunderbolt and lightning very very frightening me
Gallileo, Gallileo,
Gallileo, Gallileo,
Gallileo Figaro - magnifico

Freddie Mercury (1975)

«Bohemian Rhapsody består av stilartar som progressiv rock,[18][19] symfonisk rock,[20][21] hardrock,[22] og heavy metal.[23] Songen er uvanleg for å vere ein populær singel, sidan han ikkje har noko refreng og kombinerer vidt forskjellige musikkstilar med ein tekst som unngår vanlege teksttema og staden handlar om mord og nihilisme.[3] Han er delt inn i seksjonar og byrjar med ein introduksjon, så ein pianoballade, før ein gitarsolo fører til eit operamellomspel. Ein hardrock-del følgjer dette og han vert avslutta med ein coda. Musikkformatet med å skrive ein song som ein suite som endra stil, tone og tempo var uvanleg innan populær pop- og rock, men var vanleg innan progressiv rock. Denne sjangeren nådde eit kunstnarisk og kommersielt høgdepunkt mellom 1970 og 1975 med britiske band som Jethro Tull, Yes, Genesis, Emerson, Lake & Palmer, Gentle Giant, Van der Graaf Generator og Curved Air.[24] Queen hadde spelt mykje progressiv rock på dei tidlegare albuma sine.[25] «Bohemian Rhapsody» parodierer mange forskjellige element av opera med bombastiske korparti, sarkastisk resitativ og forvrengde italienske opera-fraseringar.[26]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Då bandet ønskte å gje ut songen som singel i 1975, meinte forskjellige platesjefar at songen var altfor lang, med ei lengd på 5 minuttar og 55 sekund, og at han aldri ville bli ein hit. Songen vart spelt for andre musikarar som meinte at bandet aldri kom til å få spelt songen på radio.[27] I følgje produsenten Roy Thomas Baker gjekk han og bandet utanom plateselskapet og spelte songen for programleiaren Kenny Everett i Capital Radio: «med hadde ein kopi på lydband, men me sa at han berre kunne få det om han lovde å ikkje spele songen. 'Eg skal ikkje spele han,' sa han, og blunka...»[4] Planen deira fungerte. Everett erta lyttarane med å spele delar av songen. Etterspurnaden etter songen auka då Everett spelte heile songen på showet sitt 14 gonger på to dagar.[13] Hordar av fans prøvde å få kjøpe singelen, men vart fortalt av platebutikkane at han ikkje var gjeven ut enno.[4] Same helga høyrte Paul Drew, som dreiv RKO-stasjonane i USA, songen på showet til Everett i London. Drew fekk med seg ein kopi av lydbandet og byrja å spele songen i USA, noko som tavng selskapet til Queen i USA, Elektra, å gje ut songen. I eit intervju med Sound on Sound sa Baker at «det var ein rar situasjon der radio på begge sider av Atlanteren spelte songen som plateselskapa sa aldri kom til å bli spelt på radio!»[4] Til slutt vart singelen gjeven ut uredigert med «I'm in Love with My Car» som B-side.

Songen låg på toppen av singellista i Storbritannia jula 1975, og låg heile ni veker på toppen av lista.[28] «Bohemian Rhapsody» vart den første songen som gjekk til topps i Storbritannia to gonger med den same versjonen, og er òg den einaste singelen som har vore på toppen juleveka to gonger med same versjon. Den andre gongen var då songen vart gjeve ut på nytt (som ei dobbel A-side med «These Are the Days of Our Lives») i 1991 etter Mercury døydde. Han låg då fem veker på toppen av lista.

Singelen hadde òg suksess i USA, men ikkje i like stor grad som i Storbritannia. Singelen kom ut der tidleg i 1976 og nådde niandeplassen på Billboard Hot 100, medan nyutgjevinga i 1992 nådde andreplassen. Singelen selde til gull for over ein million eksemplar i USA.[29] I 1992 låg han 17 veker inne på lista, og selde til gull på ny den 8. august 2005 for eit digitalt sal på over 500 000, og hadde i april 2014 seld til 4x platina.[29]

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om somme artistar hadde laga videoklipp til songane sine (inkludert Queen sjølv), var det først etter suksessen til «Bohemian Rhapsody» at det vart vanleg for plateselskap å produsere musikkvideoar for å marknadsføre singlane til artistar.[30] Desse videoane vart viste på fjernsynsshow, som BBC sitt Top of the Pops, utan at artisten trengde å møte opp sjølv. I følgje May vart videoen laga for at bandet skulle sleppe å mime til songen på Top of the Pops.[31]

Bandet nytta Trilion, eit underselskap av Trident Studios, som dei tidlegare hadde nytta som platestudio. Dei leigde ein av lastebilane deira og fekk han til Elstree Studios, der bandet øvde for turneen sin. Videoen vart regissert av Bruce Gowers, som hadde regissert videoen til konserten deira i Rainbow Theatre i London i 1974 og vart filma av Barry Dodd og Jim McCutcheon. Videoen vart spelt inn på berre nokre få timar den 10. november 1975 og kosta 4 500 pund.[17]

Komposisjonen av klippet når bandet syng i lag er det same som på plateomslaget som Mick Rock laga for det andre albumet deira, Queen II. Biletet var inspirert av eit fotografi av skodespelarinna Marlene Dietrich.[12].

Det vart nytta fleire spesialeffektar i videoen.

Mottaking og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om songen har blitt ein av dei mest hylla i pophistoria,[32] var somme reaksjonar i musikkpressa dårleg då han først kom ut. Melody Maker sa at Queen «lukkast med å etterlikne den vanvittige raseriet til Balham Amateur Operatic Society som framfører The Pirates of Penzance».[12] Kritikaren Allan Jones høyrde berre ei «overflatisk imponerande etterlikning» av operastilar.[31] Men det var positive meldingar frå andre musikarar, som Brian Wilson frå the Beach Boys, som i 1976 kalla songen «det mest konkurrerande som har kome på lange tider» og «ei oppfylling og eit svar til ei tenåringsbøn - av kunstnarisk musikk».[33] Greg Lake, som song «I Believe in Father Christmas», vart halde unna førsteplassen i Storbritannia av «Bohemian Rhapsody» og innsåg at han var «slått av den beste plata som nokon gong er laga», og skildra han som «ei innspeling du gjer ein gong i livet».[34]

Forfattaren og musikkforskaren dr. Jochen Eisentraut skreiv i 2012: «Eit år før punk gjorde det av moten, hadde progressiv rock ein utruleg suksess med den teoretisk sett alt for lange singelen 'Bohemian Rhapsody' som bar mange av kjennemerka til 'prog'-sjangeren». Han sa det var «unikt på denne tida å høyre ein hit singel i denne stilen», at han var «meir tilgjengeleg enn anna musikk i sjangeren» og «klarte å kommunisere utafor dei vanlege grensene til stilen».[18] Forfattar og musikkhistorikaren Stephen Lambe har kalla han ein «merkverdig» singel og sa han «dannar ein fiks, men samtidig bru mellom prog på høgdepunktet sitt og eit steg i retning meir aggressiv låtskriving», og sa at han «kjennest som ein grotesk parodi på progressiv rock».[32]

Songen har vunne fleire prisar og er blitt spelt inn og parodiert av mange andre artistar. I 1977 vart «Bohemian Rhapsody» nominert til to Grammy-prisar for beste popsong av ei gruppe og beste vokalarrangement. I 1977, berre to år eter han kom ut, kåra British Phonographic Industry «Bohemian Rhapsody» som den beste britiske singelen i perioden 1952-1977.[35] Han er ofte å finne på lister over beste songar og vart av Guinnes rekordbok kåra til den beste britiske singelen gjennom tidene i 2002.[13] Songen er med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma Rock and Roll.[36]

Robbie Williams på scene i Polen i 2015 medan han spelar songen med eit bilete av Queen i bakgrunnen.

Songen kom på tiandeplass i ei rundspørring frå BBC World Service for å finne favorittsongen til brukarane.[37] I 2000 hamna han bak «Imagine» av John Lennon i ei undersøking på Channel 4 over dei 100 beste songane. Han har vore på topp 5 på den nederlandske årlege «Top 100 Aller Tijden» sidan 1977, og vore på toppen ved åtte høve, meir enn noko annan artist.[38] I ei lesarundersøking frå 2012 i Rolling Stone vart «Bohemian Rhapsody» kåra til den beste vokalprestasjonen i rockehistoria.[39]

I 2004 vart songen innlemma i Grammy Hall of Fame.[10] I 2004 var «Bohemian Rhapsody» tidenes nest mest spelte songen på britisk radio, på klubbar og jukeboksar, etter Procol Harum sin «A Whiter Shade of Pale».[40] Den 30. september 2007 avslørte Radio 1 Chart Show for BBC Radio 1 at «Bohemian Rhapsody» var den mest spelte songen sidan Radio 1 starta. Songen vart nytta i musikkvideospelet Guitar Hero: Warriors of Rock og Rock Band 3.

Wayne's World[endre | endre wikiteksten]

Songen fekk fornya popularitet i 1992 då han vart nytta i filmen Wayne's World. Filmregissøren Penelope Spheeris var nølande til å bruke songen, sidan han ikkje heilt passa inn med hovudrollene, som var fans av mindre prangande hardrock og heavy metal. Mike Myers insisterte på at songen ville passe inn i scenen.[41] Med hjelp av songen vart filmen ein stor hit.[42] I samband med dette vart det laga ein ny video med klipp frå både filmen og den originale Queen-videoen, i tillegg til konsertopptak av bandet. Myers var skrekkslagen då han såg videoen, sidan han var redd at Queen skulle mislike dette.[43]

Wayne's World-versjonen av «Bohemian Rhapsody» vann MTV Video Music Award for beste video frå ein film. Dette var den einaste videoprisen Queen vann.[44] Denne versjonen av singelen (med «The Show Must Go On» som dobbel A-side) nådde andreplassen på singellista i USA i 1992, 16 år etter den originale singelen kom ut.[15] Songen vart òg nytta i Loaded Weapon 1 i ein scene som parodierte Wayne's World.

Parodiar[endre | endre wikiteksten]

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Acappella-opninga var for vanskeleg å framføre live, så Mercury prøvde forskjellige måtar å introdusere songen på. Då songen «Mustapha» vart ein konsertfavoritt, brukte ofte Mercury denne som erstatning for acapella-opninga, som var lettar å spele live, sidan det var berre ei stemme. Under Hot Space-turneen, og stundom andre gonger, spelte Mercury ein pianoimprovisasjon (generelt introen frå «Death on Two Legs») som enda med dei første notane frå songen, før Mercury starta balladeseksjonen.

Frå venstre til høgre Deacon, Taylor og May i Hannover i 1979. Bak trommene står pauken som vart nytta på slutten av «Bohemian Rhapsody».

I starten fann ikkje bandet ut korleis dei skulle framføre songen live. Balladen i starten og slutten vart spelt som ein del av ein medley med «Killer Queen» og «March of the Black Queen». I 1976 vart operadelen frå albumet spelt frå lydband i starten av konserten. Under dette song Mercury kort linja «I see a little sillhouetto of a man».[45] Då songen glei over i hardrock-delen, dukka bandet opp på scenen som var fylt med røyk. Hardrockdelen vart så framført live (utan den siste balladedelen som kom att seinare på konserten).

Frå og med A Day at the Races-turneen i 1977, spelte bandet songen på ein måte som vart den mest vanlege frametter. Opningsballaden vart spelt på scenen, og etter gitarsoloen til Brian May forsvann lyset, bandet forlet scenen og opera-delen vart spelt av frå lydband, med fargerike scenelys. Denne delen vart avslutta med flammar etter den høge tonen til Roger Taylor og bandet kom attende på scenen for hardrock-delen og den avsluttande balladen. Queen spelte songen slik gjennom den siste turneen sin i 1986, og igjen under Freddie Mercury Tribute Concert, der Elton John song opningsballaden og Axl Rose på hardrockdelen. John og Rose song den siste balladen i lag som ein duett.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[46] 1
Liste (1976) Plassering
Australia (Kent Music Report)[47] 1
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[48] 8
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[49] 1
Canada (RPM)[50] 1
Tyskland (Media Control AG)[51] 7
Nederland (Mega Single Top 100)[52] 1
New Zealand (RIANZ)[53] 1
Noreg (VG-lista)[54] 4
Sverige (Sverigetopplistan)[55] 18
Sveits (Schweizer Hitparade)[56] 4
US Billboard Hot 100[57] 9
Liste (1992) Plassering
Australia (ARIA)[58] 5
Canada (Canadian Hot 100)[59] 18
Frankrike (SNEP)[60] 15
US Billboard Hot 100[57] 2

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
UK Singles (BMRB)[61] 22
Liste (1976) Plassering
Canada RPM Top 100[62] 6
UK Singles (BMRB)[63][64] 35
US Billboard Hot 100[65] 18
Liste (1991) Plassering
UK Singles (Gallup)[66] 2
Liste (1992) Plassering
UK Singles (Gallup)[67] 15
US Billboard Hot 100[68] 39

Tiårsliste[endre | endre wikiteksten]

Liste (1970–79) Plassering
UK Singles (OCC)[69] 7
Liste (1990–99) Plassering
UK SinglesMal:Citation needed 23

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Italia (FIMI)[70] Platina 30 000*
Storbritannia (BPI)[71] 4× Platina 2,440,000[72]
USA (RIAA) (fysisk)[29] Gull 1,000,000^
USA (RIAA) (digital)[29] 4× Platina 3,800,000[73]

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bohemian Rhapsody». AllMusic. http://www.allmusic.com/song/bohemian-rhapsody-mt0013397449. Henta 21. juli 2016. 
  2. Horton, Matthew (210. juni 2016). «Queen: 20 Things You Probably Never Knew About 'Bohemian Rhapsody'». NME. http://www.nme.com/blogs/nme-blogs/queen-20-things-you-probably-never-knew-about-bohemian-rhapsody. Henta 20. juni 2016. 
  3. 3,0 3,1 Service, Tom (8. desember 2009), Bohemian Rhapsody: Mamma, we've killed a song, London, http://www.theguardian.com/music/2009/dec/08/bohemian-rhapsody-karaoke-hit, henta 18. mai 2016 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 Cunningham 1995.
  5. Hodkinson 2004, s. 194.
  6. Dadds, Kimberley (19. juli 2007). «The UK's longest-running chart toppers». Digital Spy. http://www.digitalspy.co.uk/music/news/a66589/the-uks-longest-running-chart-toppers.html#~ppjfODk5P7Ob2t. Henta 20. juni 2016. 
  7. Corn 2005, s. 24.
  8. Heatley 2008, s. 109.
  9. {{cite web | url= http://www.rollingstone.com/music/news/party-on-queens-brian-may-remembers-bohemian-rhapsody-on-40th-anniversary-20151030 | title= Party On: Queen's Brian May Remembers 'Bohemian Rhapsody' on 40th Anniversary | work=Rolling Stone | first=Mark | last=Sutherland | date=30 Oktober 2015 | accessdate=10. juni 2016}
  10. 10,0 10,1 The Recording Academy 2004.
  11. "Queen’s Bohemian Rhapsody voted the Nation’s Favourite Number 1 Single". Official Charts Company. Retrieved 17 January 2012
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 12,4 12,5 12,6 BBC 2004b.
  13. 13,0 13,1 13,2 Chiu 2005.
  14. Whiteley 2006, s. 252.
  15. 15,0 15,1 Peraino 2005, s. 230.
  16. Smith, Chris (2011), «Interview», Queen: Days of our Lives, BBC 
  17. 17,0 17,1 17,2 Hodkinson 2004, s. 192.
  18. 18,0 18,1 Eisentraut, Jochen (2012). The Accessibility of Music: Participation, Reception, and Contact. Cambridge University Press. s. 111. ISBN 978-1107024830. progressive rock had an astounding success with the theoretically over-length (nearly 6 minute) single 'Bohemian Rhapsody' which bore many of the hallmarks of the 'prog' genre 
  19. Kot, Greg (20. juni 2016). «The strangest rock classic ever?». BBC. http://www.bbc.com/culture/story/20150824-the-strangest-rock-classic-ever. Henta 10. juni 2016. «The prog-rock pocket operetta has sold more than 6 million copies worldwide» 
  20. Fowles, Paul (2009). A Concise History of Rock Music. Mel Bay Publications, Inc. s. 243. ISBN 978-0786666430. Bohemian Rhapsody could easily have been dismissed as a fitting farewell to the dying genre of symfonisk rock, had it not been for the fact that it was this record alone that elevated a previously middle-ranking commercial rock band to superstar status 
  21. de Haan, Jan-Jaap. «Queen: A Night At The Opera». Dutch Progressive Rock Page. http://www.dprp.net/proghistory/index.php?i=1975_01. Henta 18. mai 2016. «If you have to explain the concept of symphonic rock to anyone completely unfamiliar with Genesis, Pink Floyd or Marillion (yes, these people exist), you have to mention just one song: Bohemian Rhapsody» 
  22. Pete Prown; HP Newquist (1997). Legends of Rock Gitar: The Essential Reference of Rock's Greatest Gitarists. Hal Leonard Corporation. s. 106. ISBN 978-0793540426. 'Bohemian Rhapsody' was akin to Led Zeppelin's 'Stairway to Heaven.' But while Zeppelin meshed folk influences with heavy metal, Queen opted for the light grandeur of the operetta as part of its hardrock 
  23. Rivadavia, Eduardo (20. juni 2016). «40 Years Ago: Queen Begin Recording Their Masterpiece, 'Bohemian Rhapsody'». Ultimate Classic Rock. http://ultimateclassicrock.com/queen-bohemian-rhapsody/. Henta 2. januar 2016. «...then a heavy metal instrumental passage...» 
  24. Cateforis, Theo (2012). The Rock History Reader. Routledge. s. 159. ISBN 978-0415892131. 
  25. Erlewine, Stephen Thomas. «Queen biography». AllMusic. http://www.allmusic.com/artist/queen-mn0000858827/biography. Henta 18. mai 2016. 
  26. McLeod, Ken (May 2001). «Bohemian Rhapsodies: Operatic Influences on Rock Music». Popular Music (Cambridge University Press) 20 (2): 189–203. JSTOR 853651. doi:10.1017/s0261143001001404. 
  27. BBC3. The Story of Bohemian Rhapsody. 2004 http://www.imdb.com/title/tt0438465/
  28. Whiteley 2006, s. 253.
  29. 29,0 29,1 29,2 29,3 «Bohemian Rhapsody». Gold & Platina Searchable Database. Recording Industry Association of America. http://www.riaa.com/gold-platinum/?tab_active=default-award&se=bohemian+rhapsody#search_section. Henta 23. juni 2016. 
  30. Muikku, Jari (1990). «On the role and tasks of a plateprodusent». Popular Music and Society 14 (1): 25–33. doi:10.1080/03007769008591381. 
  31. 31,0 31,1 Black 2002.
  32. 32,0 32,1 Lambe, Stephen (2013). Citizens of Hope and Glory: The Story of Progressive Rock (Second utg.). The Hill, Stroud: Amberley Publishing. s. 58. ISBN 9781445607375. Henta 5. juni 2016. 
  33. Cromelin, Richard (7. august 1976). «Pet Sounds & The California Consciousness». Sounds. 
  34. Mulholland, Garry (19. desember 2014). «The Making Of... Greg Lake’s I Believe In Father Christmas». Uncut. http://www.uncut.co.uk/features/the-making-of-greg-lake-s-i-believe-in-father-christmas-833. Henta 17. august 2015. 
  35. Gracyk 2007, s. 63.
  36. «The Songs That Shaped Rock and Roll». Rock & Roll Hall of Fame. http://rockhall.com/exhibits/one-hit-wonders-songs-that-shaped-rock-and-roll/. Henta 20. juni 2016. 
  37. BBC 2002.
  38. Radio Veronica.
  39. «1. Queen, 'Bohemian Rhapsody' - Readers' Poll: The Best Vocal Performances in Rock History». http://www.rollingstone.com/music/pictures/readers-poll-the-best-vocal-performances-in-rock-history-20120905/1-queen-bohemian-rhapsody-0846043. 
  40. ClashMusic.com 2009.
  41. Gracyk 2007, s. 64.
  42. Gracyk 2007, s. 65.
  43. Made in Heaven video documentary «Champions of the World."
  44. Rock and Roll Hall of Fame.
  45. http://jonh-ingham.blogspot.ca/2007/02/queen-riot-at-opera.html%7CArticle by John Ingham, published 29. november 1975|Accessed 4. desember 2014
  46. "desember 1975/ Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  47. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. ISBN 0-646-11917-6. 
  48. "Queen – Bohemian Rhapsody – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  49. "Ultratop.be – Queen – Bohemian Rhapsody" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  50. «RPM Top Singles». RPM 25 (5). 1. mai 1976. Henta 15. november 2015. 
  51. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  52. "Dutchcharts.nl – Queen – Bohemian Rhapsody" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  53. "Charts.org.nz – Queen – Bohemian Rhapsody". Top 40 Singles. Hung Medien.
  54. "Norwegiancharts.com – Queen – Bohemian Rhapsody". VG-lista. Hung Medien.
  55. "Swedishcharts.com – Queen – Bohemian Rhapsody". Topp 60. Hung Medien.
  56. "Queen – Bohemian Rhapsody – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien.
  57. 57,0 57,1 "Queen Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Queen. Prometheus Global Media.
  58. "Australian-charts.com – Queen – Bohemian Rhapsody". ARIA Top 50 Singles. Hung Medien.
  59. "Queen Album & Song Chart History" Canadian Hot 100 for Queen. Prometheus Global Media.
  60. "Lescharts.com – Queen – Bohemian Rhapsody" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
  61. «1975 Best Sellers: Singles». Record Mirror and Disc (London, England: Spotlight Publications): 12. 10. januar 1976. 
  62. Lyttle, Brendan (8. januar 1977). «Top 200 singles of '76». RPM 26 (14–15). Henta 3. november 2015. 
  63. «Top 50 Singles of 1976». Music Week (London, England: Spotlight Publications): 25. 25. desember 1976. 
  64. Hunter, Nigel, red. (1977). «Top 100 Singles 1976». BPI Year Book 1977 (2nd utg.). London, England: The British Phonographic Industry Ltd. s. 216–18. ISBN 0-906154-00-6. 
  65. «Singles». Billboard ("Billboard's Talent in Action» supplement): 6. 25. desember 1976. 
  66. «1991 Top 100 Singles». Music Week: 20. 11. januar 1992. 
  67. «Top Singles». Music Week: 8. 16. januar 1993. 
  68. «Hot 100 Singles». Billboard ("1992: The Year in Music» supplement): YE-20. 26. desember 1992. 
  69. «Top 20 Singles of the Seventies». Music Week 1959–2009: Anniversary Special (London, England: United Business Media): 18. September 2009. 
  70. «Italian single salstrofé – Queen – Bohemian Rhapsody» (på Italian). Federation of the Italian Music Industry. http://www.fimi.it/archivio_certificazioni.php. Henta 20. desember 2012.  Select Online in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Queen in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  71. «British single salstrofé – Queen – Bohemian Rhapsody». British Phonographic Industry. http://www.bpi.co.uk/certified-awards.aspx.  Enter Bohemian Rhapsody in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  72. «Digital generation pushes the oldies into the million-sellers club». Music Week. 6. september 2010. Henta 6. juni 2012. 
  73. Grein, Paul (31. januar 2015). «The 15 Most Downloaded Songs in Rock History». Yahoo! Music. https://music.yahoo.com/photos/top-selling-rock-songs-1422920108-slideshow/journey-photo-1423078622830.html. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


167:
 «Fast Car» 
Tracy Chapman
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene
166


Queen – «Bohemian Rhapsody»

165:
 «Nothing Compares 2 U» 
Sinead O'Connor