Boka Eventyrerne (2018)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eventyrerne er ei bok om selskapet Aker skriven av Henrik Langeland. Boka var meint utgjeven i 2018, men blei trekt frå marknaden etter mykje medieomtale.[1]

Opphavleg fekk Langeland oppgåva med å skriva boka av Aker i samband med 175-års jubileet til verksemda i 2016. Etter kvart valde Aker å avslutta prosjektet. Langeland valde då å gje ut boka sjølv på Tiden forlag. Som svar la Aker då ut bokmanuset fritt tilgjengeleg på Internett, med eit eige forord frå representantar frå verksemda, mellom dei Kjell Inge Røkke.[2]

Bokmeldingar[endre | endre wikiteksten]

Boka «er en hybrid mellom en dokumentar, en underholdningsroman og et jubileumsskrift», meinte Elin Ørjasæter.[3] Ho skreiv også at «Under lesningen satt jeg og ergret meg over at Aker ikke hadde stått løpet ut og kastet [eller tilbydd] noen flere millioner etter Langeland. For boken har sine gode partier. Den er bare ikke ferdig. Den har åpenbart manglet styring fra en sterk og kompetent redaktør».[3]

Kjeldebruk[endre | endre wikiteksten]

Både Morgenbladet si vurdering av boka, og ein artikkel skriven av Langeland, vart publisert kl. 00 den 9. mars 2018. Langeland skreiv at boka «er en fortelling, ikke et vitenskapelig verk. ... Det har vært et bevisst og uttalt valg å ikke bruke referansenoter i den løpende teksten for å bedre flyten for leseren. Kildebruken er uansett gjort rede for i en egen oversikt bakerst, der også referansepraksisen forklares ...»[4][5] «Anmelder Bernard Ellefsen i Morgenbladet anmeldte boken ... I anmeldelsen dokumenterer han at flere partier i boken er kopiert fra Wikipedia, Store norske leksikon og andre kilder uten tilstrekkelig kreditering», skreiv NRK.

På kvelden 9. mars hadde Tiden Norsk Forlag stansa vidare distribusjon av boka.[6][1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.