Bokbål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Offentleg brenning av skrift var ikkje uvanleg under inkvisisjonen. Dette spanske måleriet frå 1400-talet viser Mirakelet i Fanjeux i Frankrike. Dei katolske bøkene vart avvist av bokbålet tre gonger, medan dei kjetterske bøkene til katarene brann opp.
Kyrkjereformatoren Martin Luther brann demonstrativt bannlysingsskrivet Exsurge Domine frå pave Leo X saman med kyrkjelege rettsbøker føre Elsterporten i Wittenberg i Tyskland 10. desember 1520.

Eit bokbål er ein seremoni eller aksjon der bøker vert brente, ofte som ein politisk eller religiøs handling eller ytring. Bokbål kan òg vera uttrykk for meiningssensur i diktatur eller gjennomførast som eit anslag mot «moralsk forfall», «vestleg ytringsfridom» eller andre ikkje-ønskelege tendensar og meiningar. Brenning av bøker gjev i vår tid særleg assosiasjonar til nasjonalsosialistiske bokbål i Hitler-Tyskland.

Offentleg brenning av bøker vert òg kalla autodafé, oppkalla etter den spanske og portugisiske inkvisisjonen sin seremonielle «troshandlinger» , offentlege domsavseiingar og avrettingar av kjettarar, som vart gjort fram til 1700-talet.

Bokbål i historia (utval)[endre | endre wikiteksten]

Bokbål i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I 1997 brann Olav Torheims humoristiske mediastunt «Volda Militante Målungdom» skolebøker på bokmål i protest mot bokmålsdominansen i samfunnet.

I 2005 brann den unge Høgre-politikaren Harald Victor Hove ein nynorskordliste i protest mot obligatorisk opplæring i sidemål på skulen. Brenninga vart filma for bruk i ein reklamefilminternett, men vart ikkje publisert på grunn av mykje negativ medieoppslag.

I mars 2006 brann komikeren Otto Jespersen fleire bøker i Ålesund for eit innslag i fjernsynsprogrammet Rikets røst. Innslaget var blant anna ein protest mot Jantelovens sterke stilling i Ålesund. Han brann blant anna Aksel Sandemose si bok En flyktning krysser sitt spor, bøker av Ari Behn og Märtha Louise, falske tusenlappar og Bibelen. Ordføraren i Ålesund, Arve Tonnig, var òg med på bokbålet, men reagerte då Bibelen skulle brennast. Jespersen reiv då ut Det gamle testamentet og heiv det på bålet. Jespersen har òg uttrykt at han hadde lyst til å brenna Koranen, men hadde problem med å få tak i ei utgåve.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.aftenposten.no/kul_und/tv/article1260875.ece