Bokbuss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vesterålen bokbuss i Sortland.

Bokbuss er ein buss som er fylt med bøker, som fungerer som eit omreisande bibliotek. Bokbussane har ofte faste ruter i distrikta eller til stader og institusjonar der lånarane har vanskeleg for å kome seg til bibliotek. I Noreg er bokbussen ein del av den oppsøkjande bibliotekverksemda tufta i biblioteklova frå 1985 og vert mellom anna drivne av fylkesbiblioteka.

I dei tre vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal går òg bokbåten «Epos».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste bokbussen i Noreg tok til å køyra rundt i Vestfold i 1948, men tenesta vart etterkvart ein viktig kultur- og kunnskapsformidlar over heile landet. I dag har kommunikasjonen vorte betre og det er lettare å reisa for folk. Saman med at det er lettare å henta informasjon via fjernsyn og Internett har dette ført til at bokbusstilbodet fleire stadar er i ferd med å verta lagt ned.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]