Bokkunst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moderne bokkunst har røter tilbake til dei eldste, handskrivne manuskripta. Her Dei heilage tre kongar som tilbed Jesus, illuminasjon i fransk pergament frå rundt 1380.
Ein av dei meste kjende illustrasjonane til bokkunstnaren Gerhard Munthe er illustrasjonane til praktutgåva av Snorres kongesoger frå 1899. Stilen hans er kjenneteikna ved ein stilisert og dekorativ behandling av strekar og flater inspirert av norsk folkekunst og biletvev. Motivet viser Finn Arnesson set spydodden for brystet på Tore frå Soga om heilag Olav.

Bokkunst er det å lage og utforme vakre bøker. Omgrepet omfattar både sjølve handverket og det visuelle og taktile utstyret i bøkene, det vil seie papiret, trykketeknikken, innbindinga, typografien, den grafiske designen og illustrasjonane. I bokkunsten er særleg den estetiske heilskapen i boka og samspelet mellom elementa viktig. For at bokhandverk av høg kvalitet skal kunne kallast kunst, er det hevda at utøvaren må tilføre noko eige og nytt og ikkje berre gjenta det andre har gjort før eller det som allereie ligg i teksten.

Noreg har og har hatt ei rad dyktige typografar, illustratørar og designarar som har sørgt for vakre bokutgjevingar. Somme av dei ar motteke Bokkunstprisen for arbeidet sitt.

Dei fire evangelistane framstilte i det irske illuminerte manuskriptet Book of Kells.
Viktige element i bokkunsten i tillegg til illustrasjonar og grafisk design er bokomslaget og det handverksmessige bokutstyret. Biletet viser framsida på Norge i det nittende aarhundrede frå 1900.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]