Boksopnar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Boksopnar frå 1900-talet med roterande skjerehjul.

Boksopnar er ei innretning ein kan opna hermetikk med.[1] Sidan midten av 1800-talet er det blitt laga fleire ulike typar.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Boksopnardesign som Robert Yeates tok patent på i 1855 som fungerer som spak.
Boksopnardesign frå 1858 av Ezra Warner
Bull's head-opnar frå 1865

Ein hadde hermetisert mat frå seinast 1772 i Nederland, og i 1800-åra[2] blei hermetiseringsprossesen mekanisert og forbetra, med tynnare metall i boksane. I førstninga fanst det ikkje spesialutforma boksopnarar, og det blei først teke patent på ein boksopnarar i 1855 i England og i 1858 i USA. Desse tidlege opnarane var variantar av knivar, men utforminga frå 1855 har vore i produksjon til våre dagar.

Primitive boksopnarar på 1850-talet var klo- eller spakforma. I 1855 tok Robert Yeates, ein kniv- og kirurgisk instrumentmakar i Hackney Road i Middlesex patent på den første kloforma boksopnaren som hakka seg rundt toppen av boksen.[3]

I 1858 tok Ezra Warner frå Waterbury i Connecticut patent på ein annan, noko meir kompleks opnar. Han hadde ein skarp sigd som ein stakk inn i boksen og saga med rundt kanten. Ein stoppar heldt att sigden så han ikkje gjekk for langt inn i boksen. Opnaren var sett saman av ulike delar ein kunne bytta ut om dei blei slitne ut, særleg sigden.[4] Denne opnaren blei teken i bruk av den amerikanske hæren under den amerikanske borgarkrigen (1861–1865); men den uskjerma knivliknande sigden var for farleg til å bruka i heimen. Ein tryggare boksopnar kalla Bull's head opener blei utforma i 1865 og seld saman med boksar av sylta storfekjøt kjend som Bully beef. Opnaren var laga av støypejern og hadde ei liknande utforming til Yeates-opnaren, men var meir kunstnarisk utforma. Denne opnaren blei laga fram til 1930-talet og fanst også i ein variant med eit fiskehovud.[5]

Nøkkelforma boksopnar
Film av ein boksopnar i bruk

J. Osterhoudt tok patent på ein nøkkelforma opnar som ein vridde loket rundt i 1866.[6] Denne kom ferdig festa til boksen, og braut ope loket på ein tynn del. Kvar mattype hadde sin type boks, og kom med sin eigen opnar. Hermetisert fisk og kjøt blei seld i rektangulære boksar. Desse boksane hadde ein nøkkel som drog av ein del av lokket langs utstipla linjer.[7] Kaffi,[8] bønner og andre typar kjøt kom i sylinderforma boksar med metallstriper ein kunne dra attende med innbygde nøklar som rulla rundt toppen av boksen.[9] Hermetisert mjølk hadde metodar til å stikka hol på boksen.[2] I moderne tid blir mange hermetikkboksar selde med ein ring ein kan dra i og opna boksen med. Det er også utvikla hjelpemiddel for å opna boksar med desse.[10]

Den første boksopnaren med eit roterande skjerehjul som skjer rundt kanten av boksen og skjer ut loket blei funnen opp i 1870, men blei opphavleg rekna som svært vanskeleg å bruka av vanlege folk.

I 1925 blei det lagt til endå eit hjul som var sagtakka og kunne halda skjerehjulet fast til kanten av kanna. Denne utforminga gjorde boksopnaren lettare å bruka, og har blitt populært over heile verda. På slutten av 1950-åra blei det laga elektriske boksopnararar, som også blei ein suksess.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «boksopnar» i Nynorskordboka.
  2. 2,0 2,1 Esther Inglis-Arkell - Nov 27, 2017 1:58 pm UTC (27. november 2017). «Don’t lose a finger: The 200-year evolution of the can opener». Ars Technica. Henta 1. mars 2020. 
  3. Encyclopedia of Kitchen History. Taylor & Francis Group. 27. september 2004. ISBN 978-1-57958-380-4. 
  4. Ezra J. Warner (5 January 1858) "Can opener" U.S. Patent 19 063
  5. «Lifting the lid on the tin can opener» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 26. juli 2011. Henta 8. august 2009. 
  6. J. Osterhoudt "Improved Method of Opening Tin Cans" U.S. Patent 58 554 2. oktober 1866
  7. «History of the Can: Can Opener». Henta 8 August 2009. [daud lenkje]
  8. File:1965 - Trexler Park Coffee Can - Allentown PA.jpg
  9. By Mjtrinihobby in HomeLife-hacks. «How to Open a Can of Corned Beef. : 4 Steps (with Pictures)». Arkivert frå originalen 8. januar 2019. Henta 1. mars 2020. 
  10. «Brix CanKey ringboksåpner 1stk», www.apotek1.no (Apotek 1), henta 27. juli 2020