Hopp til innhald

Bolborhynchus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bolborhynchus
Stripeparakitt, B. lineola
Stripeparakitt, B. lineola
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Familie: Papegøyefamilien Psittacidae
Underfamilie: Arinae
Slekt: Bolborhynchus
Bonaparte, 1857

Bolborhynchus er ei biologisk slekt i papegøyefamilien med tre medlemar som har eit leveområde frå Mexico i nord til Bolivia i sør.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Bolborhynchus er små, korthala, solid bygde parakittar, 16-19 cm i kroppslengd. Nebbet er skildra som stumpt og hovent på sidene, og den korte halen har oppsplitta, spisse fjører.[1] Fjørdrakta er generelt i klår grøn farge. Føda er frø, frukt, skot og blomar. To av artane, stripeparakitt og andesparakitt, et mellom anna bambusfrø. Dette er sosiale fuglar, stripeparakittar flyg ofte i store flokkar, nokre gonger over 100 individ.[2]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Bolborhynchus i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[3] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[4] IUCN kategori er etter HBW og BirdLife Taxonomic Checklist.[5]

  • Stripeparakitt, Bolborhynchus lineola, Barred Parakeet, Cassin, 1853, (LC)
Liten og grøn, 16 cm 50-60 gram. Sørlege Mexico til sentrale Peru, nordaust til Mérida i Venezuela. Lever i høgtliggande område, 900-3300 moh.[2]
  • Rustgrimeparakitt, Bolborhynchus ferrugineifrons, Rufous-fronted Parakeet, Lawrence, 1880, (VU)
18-19 cm. Grøn, raud rundt nebbet, lever høgt i sentrale Andes i Colombia, 3200-4000 moh.[6]
  • Andesparakitt, Bolborhynchus orbygnesius, Andean Parakeet, Souancé, 1856, (LC)
16-17 cm, mørk grøn med lysare strupe og bryst. Andes i Peru og Bolivia, 3000-4000 moh., nokre gongar over 6000 m.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hilty, Steven L. (29. november 2002). Birds of Venezuela. Christopher Helm Publishers Ltd. s. 334. ISBN 0713664185. 
  2. 2,0 2,1 Soberanes-González, C. A., C. I. Rodríguez-Flores, M. d. C. Arizmendi, og T. S. Schulenberg (2020). Barred Parakeet (Bolborhynchus lineola), version 1.0. I Birds of the World (T. S. Schulenberg, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.barpar1.01
  3. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 6. juli 2023. 
  4. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 6. juli 2023. 
  5. «HBW og BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 6. juli 2023. 
  6. Collar, N. og P. F. D. Boesman (2020). Rufous-fronted Parakeet (Bolborhynchus ferrugineifrons), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.rufpar1.01
  7. Collar, N. og P. F. D. Boesman (2020). Andean Parakeet (Bolborhynchus orbygnesius), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.andpar1.01

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bolborhynchus