Bolette C. Pavels Larsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bolette Christine Pavels Larsen
Bolette Larsen.jpg
Opphavsperson: Ukjent.
Fødd 18. oktober 1847
Sogndal
Død

8. desember 1904
Bergen

Yrke Forfattar, omsetjar og litteraturkritikar
Sjanger Dikt, noveller, forteljingar
Debut Sognablo´, 1891. Forteljing
Bolette C. Pavels Larsen på Commons
«Velsignelse», Bolette C. Pavels Larsen. Ingrid Anne Yttri les. 1997. Opphavsrett: Sogndal bibliotek og Ingrid Anne Yttri.
«Sognablo´», Bolette C. Pavels Larsen. Ingrid Anne Yttri les. 1997. Opphavsrett: Sogndal bibliotek og Ingrid Anne Yttri.
«Sogningen og fantafølje», Bolette C. Pavels Larsen. Ingrid Anne Yttri les. 1997. Opphavsrett: Sogndal bibliotek og Ingrid Anne Yttri.
«Hundreaaorsnotti», Bolette C. Pavels Larsen. Ingrid Anne Yttri les. 1997. Opphavsrett: Sogndal bibliotek og Ingrid Anne Yttri.
«Snobberi», Bolette C. Pavels Larsen. Ingrid Anne Yttri les. 1997. Opphavsrett: Sogndal bibliotek og Ingrid Anne Yttri.
Bolette : Sognablo´og andre forteljingar. 1997. Ingrid Anne Yttri les. Opphavsrett: Sogndal bibliotek og Ingrid Anne Yttri.

Bolette Christine Pavels Larsen (18. oktober 18478. desember 1904) var ein norsk forfattar, omsetjar og litteraturkritikar i Bergens Tidende som var ein sentral aktør i det litterære feltet frå 1880-åra til over hundreårsskiftet. Bolette Christine Pavels Larsen var den første forfattaren med utgjevingar på sogne-dialekt og soleis på landsmål i Sogn og Fjordane, men gav også ut bøker på riksmål. Ho vart født inn i ein embetsmannsfamilie i Sogndal, men var i dei fleste åra av sitt liv busett i Bergen.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Bolette C. Pavels Larsen omsette i 1888 tekstar frå skånsk til sogne-dialekt og fekk dei publisert. I 1897 gav ho ut forteljingar på sognemål. Forteljingane kom same året ut på dansk-norsk, og fem år seinare vart andre tekstar av ho gjevne ut på riksmål. Arne Garborg rosa forteljingane hennar som var skrivne på sognamål, og som kom ut i serien Små-stubbar, publisert av naustedølen Mons Litleré i 1886. Ifølgje Sigrid Bø Grønstøl skriv Bolette C. Pavels Larsen «med lett humor og mild ironi […]; ho snur på samfunnshierarkiet», står det i band tre av Vestlandets historie.[1]

Formidlar[endre | endre wikiteksten]

I Bergens Tidende fungerte Bolette C. Pavels Larsen som hovudkritikar frå 1884, og melde bøker frå heile Norden - med eit ekstra vake auge på dei frå Sverige. Ho var også svært interessert i litteratur på nynorsk, og fungerte som formidlar av bøker på landsmål av ukjente forfattarar. Bolette C. Pavels Larsen var ein støttespelar for Mons Litleré når det gjaldt drifta av nynorskforlaget han eigde. Bolette C. Pavels Larsen var medlem av Vestmannalaget, ein landsdekkande landsmålorganisasjon med base i Bergen.

Kontakt med kjente forfattarar[endre | endre wikiteksten]

Bolette C. Pavels Larsen hadde eit finmaska kontaktnett til andre forfattarar og litteraturkritikarar: Arne Garborg og Hulda Garborg, Knut Hamsun, Hans E. Kinck, Verner von Heidenstam frå Sverige, Hans Seland, Jens Tvedt og dei danske brørne Edvard Brandes og Georg Brandes. Ho var i kontakt via brev med August Strindberg, verdskjend svensk dramatikar og forfattar, og fekk løyve til å omsetje og trykkje eit skodespel av han som føljetong i Bergens Tidende i mars 1883.[2]

Første husmorskulen[endre | endre wikiteksten]

I 1874 vart Bolette C. Pavels Larsen gift med Ole Johan Larsen (1845-1928) i Gloppen. Dei fekk ingen born. Heimgarden til Bolette C. Pavels Larsen i Kroken i Luster kommune vart til den første husmorskulen i dåverande Nordre Bergenhus amt etter sal i 1884. Det er reist ein minnestein over Bolette C. Pavels Larsen i Fjærland i Sogndal kommune. Ole Johan Larsen donerte bøker til Bergen Museum frå samlinga deira.

Kunstnarleg slekt[endre | endre wikiteksten]

Gjennom mora var Bolette C. Pavels Larsen i slekt med målar Gerhard Munthe (1849-1929) og lærar og forfattar Margrethe Munthe (1860-1931). Bolette C. Pavels Larsen døydde i Bergen.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Lydbøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1997 – Bolette : Sognablo´ og andre forteljingar (Sogndal: Sogndal bibliotek)  [Forteljingane vert lesne av Ingrid Anne Yttri. Kassett]

I bøker - eit utval[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit uval[endre | endre wikiteksten]

  • 1892 – «[Tittel ukjent]» – Tyrihans
  • 1894 – «En Dissonants» – Juleaften
  • 1894?, 1895? – «Da skal bli krig no» – Syn og Segn
  • 1896 – «Brorsfolk» – Syn og Segn, s. 283-284
  • 1902 – «Gamle Lasse» – Syn og Segn, s. 260-263
  • 1902 – «[Tittel ukjent]» – Samtiden
  • 1996 – «Sognablo´» – Årbok for Sogn, nr. 42, s. 88-96
  • 2008 – «Husmandsbørnene» – Kjelda, nr. 3, s. 29-30

Omsetjingar av Bolette C. Pavels Larsen[endre | endre wikiteksten]

  • Verner von Heidenstam, Oscar Levertin (1890). Pepitas bryllup : en litteraturanmeldelse. Bergen: Beyer. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Grønstøl, 2006, s. 214
  2. Stegane, februar 2009 og oktober 2009

Tekstar om Bolette Christine Pavels Larsen[endre | endre wikiteksten]

  • Andreas Bjørkum (2000). «Bolette C. Pavels Larsen og sognamålet». Dialekter och folkminnen : Hyllningsskrift till Maj Reinhammar den 17 maj 2000. Uppsala: Swedish Science Press. 
  • Ole Johan Larsen (1906). «Bolette C. Pavels Larsen. In memoriam». Urd. 
  • Idar Stegane (1997). Bolette Christine Pavels Larsen: Artiklar, kritikk, forteljingar og brev. Bergen: Eide forlag. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]