Bolometer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edderkoppnett-bolometer for målingar av kosmisk bakgrunnsstråling. Foto: NASA/JPL-Caltech.

Bolometer er eit instrument til måling av strålingsvarme og vart funnen opp av amerikanaren Samuel Pierpont Langley. Strålinga fell på eit sverta metallband og varmar opp dette. Den elektriske motstanden i bandet vert då endra og denne vert målt ved hjelp av ei elektrisk bruanordning. Opphavleg nytta ein band av sverta platinafoliar. I dag nyttar ein mest tynne filmar av halvleiande materiale, vanlegvis ei blanding av nikkel, mangan og kobolt dampa på ei kvartsplate. Ved særs svak stråling nyttar ein eit superleiande bolometer. Det superleiiande elementet vert halde like under den kritiske temperaturen for superleiing. Sjølv ved særs svak stråling stig temperaturen så mykje at superleiingsevna vert borte.

Ein nyttar òg bolometeret til å måle energien i elektromagnetisk og optisk stråling, mellom anna i bølgjeleiarar i mikrobølgjeteknikken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]