Bolsjoj Irgiz
Utsjånad
| Bolsjoj Irgiz | |||
| elv | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Nedslagsfelt | 24 000 km² | ||
| Lengd | 657 km | ||
| Middelvassføring | 23 m³/s | ||
| Kjelde | Obsjtsjij Syrt | ||
| Munning | Volgograd-reservoaret i Volga | ||
![]() Bolsjoj Irgiz 51°59′07″N 47°31′01″E / 51.985277777778°N 47.516944444444°E | |||
| Wikimedia Commons: Bolshoy Irgiz River | |||
Bolsjoj Irgiz (russisk Большой Ирги́з, «Store Irgiz») eller berre Irgiz (russisk Ирги́з) er ei elv i Samara og Saratov oblast i Russland og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Elva er 657 km lang og har eit nedslagsfelt på 24 000 km². Elva har ei middelvassføring på 23 m³/s.
Elva spring ut frå vestsida av Obsjtsjij Syrt-platået og renn frå her vestover steppene gjennom eit meanderande elveløp. Elva munnar ut i Volgograd-reservoaret i Volga ved byen Volsk.
Byen Pugatsjov ligg òg ved Bolsjoj Irgiz.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bolsjoj Irgiz» frå Wikipedia på bokmål, den 1. november 2008.
