Bolsjoj Sjantar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjantarøyane i Okhotskhavet.

Bolsjoj Sjantar er ei øy i Okhotskhavet i Russland. Ho er den største av Sjantarøyane og har eit areal på 1766 km². Ho er om lag 72 km lang og 49 km brei. Nord på øya ligg ein stor brakkvassjø (Bolsjojesjøen) som har ein smal passasje til havet. I denne innsjøen finn ein nors (Hypomesus japonicus) og Hypomesus olidus.[1]

Det er granskogar på Bolsjoj Sjantar.[2]

Administrativt høyrer øya til Khabarovsk kraj.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sjantarøyane vart utforska av russiske utforskarar mellom 1711 og 1725.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bolsjojesjøen, arkivert frå originalen 2016-03-03, henta 15. juli 2008 
  2. Taiga på Sjantarøyane, arkivert frå originalen 2011-07-23, henta 15. juli 2008 
  3. A.V. Efimov Historia om dei store russiske oppdagingane i Arktis og Stillehavet

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 54°56′N 137°30′E