Bolsjoj Tjuters

Koordinatar: 59°51′N 27°12′E / 59.850°N 27.200°E / 59.850; 27.200
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tytterskär i Finskebukta

Bolsjoj Tjuters (russisk skrift Большой Тютерс; finsk Tytärsaari; estisk: Suur Tütarsaar; svensk: Tyterskär) er ei øy i Finskebukta i Austersjøen, om lag 75 km sør for Finland og aust for Hogland. Øya er ein del av Leningrad oblast i Russland. Ho har eit areal på om lag 8,3 km². Det er ikkje permanent busetnad på øya, bortsett frå ein fyrvaktar. Bolsjoj Tiuters har vorte kjend som «mineøya» fordi minefelta på øya ikkje har vorte rydda etter den andre verdskrigen.

Øya var busett av finnar frå 1500-talet til 1939 då Sovjetunionen gjekk til åtak på Finland i vinterkrigen og øya var ei av fleire finske øyar i Finskebukta og finsk Karelen som vart avstått til Sovjetunionen i 1940. Fram til 1939 hadde ho eit livleg finsk fiskesamfunn med 436 innbyggjarar. Mange frakt- og fiskebåtar var registrert på øya. Det stod ei trekyrkje på øya frå 1772, ein finsk gravplass, ein skule, eit fyr frå 1904, ein finsk kystvaktstasjon og ein vêrvarslingsstasjon. I perioden 1920 til 1939 var det ein del turisme på øya. Etter krigen fekk ikkje innbyggjarane reise tilbake til øya. Det finske namnet Tytärsaari tyder «Dotterøya».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

59°51′N 27°12′E / 59.850°N 27.200°E / 59.850; 27.200