Bolsjoj Uzen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bolsjoj Uzen
elv
Land Flag of Russia.svg Russland, Flag of Kazakhstan.svg Kasakhstan
Lengd 650 km
Nedslagsfelt 15 600 km²
Munning Volga

Bolsjoj Uzen (russisk Большой Узень) er ei elv i Saratov oblast i Russland Vest-Kasakhstan oblast i Kasakhstan. Elva er 650 km lang og har eit nedslagsfelt på 15 600 km².

Bolsjoj Uzen har utspring på vestkanten av Obsjtsjij Syrt i Russland. Ho renner mot sør over steppene i Den kaspiske senkinga, og munnar ut i Vest-Kasakhstan, i eit nettverk av små innsjøar og myrer kalla Kamysj-Samarskij-sjøane. Bolsjoj Uzen renn parallelt med elva Malyj Uzen, 50 km lengre vest.

Mesteparten av vassføringa kjem frå snøsmelting, og vassføringa er derfor størst i april, medan delar elva om sommaren tørkar heilt inn. Ved Novouzensk varierer vassføringa frå 7,3 m³/s til 393 m³/s. Elva er isdekt frå desember til vårløysinga i mars-april.

Byen Novouzensk ligg ved Bolsjoj Uzen. Elva vert nytta til vassforsyning og irrigasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]