Bolsjojteateret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bolsjojteateret
Moscow Bolshoi Theatre 2011.JPG
Teaterplassen i Moskva. Quadrigaen over inngangspartiet blei laga av Peter Clodt von Jürgensburg.
ArkitektJoseph Bové, Alberto Cavos, Konstantin Tersky, Alberto Cavos, Karl Jakovlevich Maevski, Aleksander Nikitin
Opna1825
Stilnyklassisistisk arkitektur

Bolsjojteateret
55°45′37″ N 37°37′7″ E

Bolsjojteateret (russisk Большой театр, Bolsjoj teatr, norsk omsetjing 'store teater') er eit teater i Moskva i Russland som hovudsakleg syner opera, operettar og ballett.

Teateret blei grunnlagt i 1776 av prins Peter Urussov og Michael Maddox. I byrjinga gav teateret førestillingar i private heimar, men i 1780 kjøpte det Petrovkateatret og byrja å produsera skodespel og operaer.

Inne i Bolsjojteateret

Den noverande bygningen blei bygd på Teatralnajaplassen i 1825 for å erstatta Petrovkateatret, som var blitt øydelagt av brann i 1805. Det nye teateret var utforma av arkitekten Osip (Joseph) Bove, som òg hadde bygd det nærliggande Malyjteatret i 1824.

På denne tida tilhøyrde alle russiske teater tsaren. I Moskva og St. Petersburg var det to teater, eit til opera og ballett og eit anna til tragediar og komediar. Opera og ballett blei sett på som finare enn drama, og operaen blei kalla «det store teateret» (bolsjoj er det russiske ordet for «stor» eller «storslegen»), medan dramateateret blei kalla «mindre teater» (malyj er det russiske ordet for «liten»).

Teateret blei innvigd 18. januar 1825. I byrjinga presenterte det berre russiske stykke, men i 1840 utvida det òg til utanlandske verk. Ein brann i 1853 gav omfattande skadar og gjenoppbygginga fann stad under leiing av Albert Kavos, sonen operakomponist til Caterino Kavos. Teateret opna igjen i 1856. Under andre verdskrigen blei teateret skadd av bomber, men blei raskt reparert.

Teateret er i dag mest kjent for ballettensemblet sitt, Bolsjojballetten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Bolsjojteateret