Boltytsjkrateret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Boltysjkrateret
krater
Land  Ukraina
Koordinatar 48°54′N 32°15′E / 48.9°N 32.25°E / 48.9; 32.25
Diameter 24 km
Planet Jorda
Kart
Boltytsjkrateret
48°45′00″N 32°10′00″E / 48.75°N 32.166666666667°E / 48.75; 32.166666666667
Wikimedia Commons: Boltysh crater

Boltysjkrateret er eit nedslagskrater i Kirovohrad oblast i Ukraina.[1] Krateret har ein diameter på 24 km og er 65,17 ± 0,64 millionar år gammalt. Med feilkjelda er dette i same tidsperioden som Chicxulubkrateret vart danna i Mexico og samstundes med krit-palogen-grensa (K–Pg-grensa). Ein trur at Chicxulub-nedslaget har skapt ei masseutrydding mot slutten av krittida, som medførte at dinosaurane døydde ut. Boltysjnedslaget skjedde truleg fleire tusen år før Chicxulub, og indikerer at utryddinga kan ha vorte driven av fleire meteornedslag over ein lengre periode for kring 65 millionar år sidan.[2]

Boltysjkrateret ligg sentralt i Ukraina, i området kring Tiasmyn, ei sideelv til Dnepr. Det har ein diameter på 24 km og er omgjeve av breksje bevart over eit område på 6 500 km². Det er estimert at like etter nedslaget så ville jord og stein ha spreidd seg ut over eit område på 25 000 km², som vart dekt av eit lag på minst 1 meter eller meir. Krater var på den tida 600 meter djupt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Boltytsjkrateret». Earth Impact Database. University of New Brunswick. Henta 4. september 2012. 
  2. «Double meteorite strike 'caused dinosaur extinction». BBC News. 4. september 2012. Henta 4. september 2012. 
  1. Grieve R.A.F., Reny G., Gurov, E.P., Ryabenko V. A. (1985), Impact Melt Rocks of the Boltysh Crater, Meteoritics, v. 20, p. 655
  2. Gurov E.P., Gurova H.P. (1985), Boltysj Astrobleme: Impact Crater Pattern with a Central Uplift, Lunar & Planetary Science XVI, s. 310–311
  3. Kashkarov L.L., Nazarov M.A., Lorents K.A., Kalinina G.V., Kononkova N.N. (1999), The Track Age of the Boltysj Impact Structure, Astronomicheskii Vestnik, v. 33, p. 253
  4. Kelley S.P., Gurov E. (2002), The Boltysj, another end-createous impact, Meteoritics & Planetary Science, v. 37, s. 1031–1043
  5. Jolley D., Gilmour I., Gurov E., Kelley S., Watson J. (2010) Two large meteorite impacts at the Cretaceous-Paleogene boundary Geology. september 2010, v. 38, s. 835–838, doi:10.1130/G31034.1