Bolverk Arnorsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Bolverk Arnorsson (norrønt: Bǫlverkr Arnórsson) var ein islandsk skald som levde omkring midten av 1000-talet.

Etternamnet hans tilseier at faren heitte Arnor, og mest truleg var han bror til skalden Tjodolv Arnorsson. I så fall kom han frå ei fattig familie i «Svarfaðardalur» på Nord-Island, slik det er nemnt i islendingesoga «Soga om Snegle-Halle»[1]. I Skaldatal[2] er han ført opp som skald hos kong Harald Hardråde, der det òg er sagt at han var bror til Tjodolv.

Det einaste ein veit om livet til Bolverk, er at han ei tid var hos kong Harald Hardråde, slik det er nemnt i Heimskringla[3]. Han gjorde ei dråpa[4] om kong Harald der han skildrar kampane til kong Harald i sørlege land. Dei to siste versa omtalar forliksmøtet mellom kong Harald og kong Magnus den gode, og krigstoget til Danmark i 1048.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fortællingen om Sneglu-Halle frå heimskringla.no
  2. Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource
  3. Soga om Harald Hardråde Snorres kongsesoger, 1993
  4. Dråpa om Harald Hardråde av Bolverk Arnorsson (Skaldic Project)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]