Bombekastar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå granatkastar.
Ein amerikansk soldat avfyrer ein 60 mm bombekastar, M224.
Ulike typar bomekastarar.

Bombekastar, også kalla morter, er eit infanterivåpen som skyt ein og ein granat ut av eit røyr, og som må ladast mellom kvart skot. Det er eit lett og ofte berbart våpen.[1]

Røyret er som regel glattbora, men det finst òg typar med rifla røyr. Då granatkastaren er samansett av berre ei fotplåte, sjølve røyret, eit stativ og eit sikte, og desse delane kan skiljast frå kvarandre under transporten, er han ofte ikkje er tyngre enn at soldatane kan bere våpenet med seg.

Granatkastarane skal avfyrast med røyret i ein vinkel på meir enn 45 gradar, slik at granaten går i ein høg boge mot målet. Dette gjer at granatane kan skytast ut frå stillingar som er verna av ei dekking eller ligg i skjul bak naturlege høgder i terrenget. Dei fleste granatkastarane skal ladast ved at granaten vert slept ned i det steilt retta røyret. Ei drivladning vert då utløyst ved at bakparten på granaten slår mot ein tennspiss i botnen av røyret.

I Noreg nyttar ein ein type granatkastar eller bombekastar (avstytta til BK) med kaliber 81 mm, med om lag fem kilometer som største rekkevidd. Han kan anten berast, eller kan monterast i ein forsterka beltevogn. Ammunisjonen er i hovudsak spreng-, røyk- og ljosgranatar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bombekaster», Store norske leksikon, 12. mai 2017 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bombekastar