Bombinga av Centennial Olympic Park

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bombinga av Centennial Olympic Park
Stad Atlanta i Georiga i USA
Dato 27. juli 1996
Mål Centennial Olympic Park
Angrepsmetode Bombing
Døde 2
Skadde 111
Gjerningsperson(ar) Eric Robert Rudolph

Bombinga av Centennial Olympic Park var eit terrorbombeangrep som fann stad 27. juli 1996 i Atlanta i Georgia i USA under sommar-OL 1996. To personar omkom, medan 111 vart skada.

Bombinga[endre | endre wikiteksten]

Centennial Olympic Park vart designa som «OL-torget», og tusenvis av tilskodarar hadde samla seg for ein sein konsert med musikkgruppa Jack Mack and the Heart Attack. Ein gong etter midnatt planta Eric Robert Rudolph ein grøn amerikansk militær ALICE-pakke, som inneheld tre røyrbomber, i nærleiken av eit lydtårn før han forlet området. Bomba kunne ha gjort meir skade om ho ikkje hadde vorte flytta på. Det er den største røyrbomba i USA sin historie med ei vekt på litt over 40 pund.[treng kjelde]

Sikkerheitsvakta Richard Jewell oppdaga bomba og varsla Georgia Bureau of Investigation. Ni minutt seinare ringte Rudolph 911 og sa: «Det er ei bombe i Centennial Olympic Park. Du har tretti minutt.» Jewell og nokre andre sikkerheitsvakter starta med å få folk vekk frå område for at ein bombepatrulje kunne undersøke bomba, som ein då ikkje visste kva var for noko. Klokka 01:25 lokal tid eksploderte bomba.

Alice Hawthorne frå Albany vart drepen av ein spikar som ho fekk i hovudet.[treng kjelde] Bomba skada 111 andre. Den tyrkiske kameramannen Melih Uzunyol døydde av hjarteåtak då han køyrde for å dekkje eksplosjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • nytimes.com: BOMB AT THE OLYMPICS: THE OVERVIEW;OLYMPICS PARK BLAST KILLS ONE, HURTS 111; ATLANTA GAMES GO ON
  • bbc.co.uk: 1996: Bomb rocks Atlanta Olympics