Bonaire
Bonaire | |||
Boneiru | |||
oversjøisk territorium | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | ABC-øyane i Dei små Antillane, Dei små Antillane, Leeward Antilles, Dei nederlandske Antillane, Karibisk Nederland, Karibia | ||
Hovudstad | Kralendijk | ||
Areal | 288 km² | ||
Folketal | 24 090 (1. januar 2023)[1] | ||
Språk | nederlandsk, papiamento | ||
Tidssone | UTC -4 | ||
Retningsnummer | +599 | ||
Domene | .an, .nl | ||
![]() Bonaire 12°10′47″N 68°15′29″W / 12.1796°N 68.2581°W | |||
Wikimedia Commons: Bonaire |
Bonaire (nederlansk uttale boˈnɛːr(ə),[2] papiamento Boneiru, uttalt buˈneiru) er ei øy i Dei små Antillane, nord for kysten av Venezuela, som er under nederlandsk styre.
Bonaire består offisielt av hovudøya Bonaire (288 km²), og den folketomme Klein Bonaire (6 km²). Til saman dekkjer dei eit areal på 294 km². Hovudstaden i Bonaire er Kralendijk.
Tidlegare utgjorde Bonaire ei administrativ eining saman med naboøyane Aruba og Curaçao, men frå og med oppløysinga av Dei nederlandske antillane i 2010[3] er desse tre øyane separate einingar underlagt Nederland.[4]
Saman med Sint Eustatius og Saba utgjer øya Karibisk Nederland.[4][5]
Ordsoge
[endre | endre wikiteksten]Namnet «Bonaire» har truleg opphavleg kome frå caquetio-ordet bonay, som tyder 'lågland'. Tidlege spanske og nederlandske kolonisatørar brukte stavemåtar som Bojnaj og Bonaire.[6]

Historie
[endre | endre wikiteksten]Menneska har butt på Bonaire heilt sidan ca. 1000 e. Kr, då ein reknar med at Caquetio-indianarane kom i kano frå fastlandet i dagens Venezuela. Ein har funne talrike holemåleri og helleristingar etter dei på øya. Truleg var Caquetio-ane eit høgt folk, for det spanske namnet på Bonaire er las Islas de los Gigantes - øya til kjempene.
Då europearane oppdaga øya ca. år 1500, tok dei dei innfødde til slavar for seg. Utover 1500-talet importerte spanjolane mengder av husdyr til Bonaire. Etter ein langvarig strid mellom Nederland og Spania erobra nederlendarane Bonaire på 1600-talet, og bygde eit fort her i 1639. Bonaire blei heretter ei plantasjeøy, og ein del slavar vart henta hit frå Afrika.
Under Napoleonskrigane tok Storbritannia kontroll over øya, men Nederland fekk henne tilbake i 1814. Busetnaden som i dag er Kralendijk vart grunnlagt av britiske handelsfolk i 1810. Utover 1800-talet vart slavane frigjorte.
Bonaire tente som britisk og amerikansk protektorat under andre verdskrigen, og USA bygde då ei flystripe her, Flamingo internasjonale lufthamn. I etterkrigstida blømte økonomien for øya; her kom eigen klesbutikk, radiostasjonar og auka saltproduksjon. I 1975 vart også eit petroleumsselskap grunnlagt på Bonaire. I dag lever Bonaire i stor grad av turisme.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://opendata.cbs.nl/statline/#/CBS/en/dataset/83698ENG/table.
- ↑ Mangold, Max. Duden – Das Aussprachewörterbuch. Der Duden in zwölf Bänden, Band 6. 7. Auflage. Berlin: Dudenverlag; Mannheim : Institut für Deutsche Sprache, 2015, Seite 242.
- ↑ «Antillen opgeheven». NOS Nieuws. 18. november 2009. Arkivert frå originalen 24. desember 2009. Henta 10. oktober 2010.
- ↑ 4,0 4,1 «Wet openbare lichamen Bonaire, Sint Eustatius en Saba
(Law on the public bodies of Bonaire, Sint Eustatius and Saba)» (på nederlandsk). Henta 14. oktober 2010. - ↑ «Kingdom of the Netherlands_DEF» (PDF). Henta 13. juni 2017.
- ↑ Elly A. «Bonaire's History - InfoBonaire».
- Denne artikkelen bygger på «Bonaire» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mai 2018.