Bondefortellinger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bondefortellinger av Bjørnstjerne Bjørnson er ei samling av romanar og noveller i sjangeren bondeforteljing som blei skrivne og gjevne ut frå 1857 til 1863.[1][2][3][4]

Samlinga blei første gong gjeven ut saman i 1872, då med tittelen Fortællinger. Ho omfattar romanane Synnøve Solbakken, Arne og En glad gut og novellene «Faderen», «Thrond», «Et farlig frieri», «Blakken» og «Trofasthet».

Forteljingane blei gjevne ut med illustrasjonar av Henrik Sørensen i 1929. Desse har stort sett følgd med i seinare utgåver.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Bjørnson, Bjørnstjerne (1963). Bondefortellinger. Gyldendal. 
  2. Øyslebø, Olaf (1982). Bjørnsons "bondefortellinger": kulturhistorie eller allmennmenneskelig diktning?. Gyldendal. ISBN 8205140545. 
  3. Willy Dahl (1977). Bjørnson. Aschehoug. s. 19-27. ISBN 8203066119. 
  4. Francis Bull (1982). Bjørnstjerne Bjørnson. Aschehoug. s. 30-64. ISBN 8203108776.